Heim Nyhende Tjuefjorten: Design har blitt inkje-kjønn

Tjuefjorten: Design har blitt inkje-kjønn

Språkrådet har vedtatt fire endringar i rettskrivinga og skrivereglane.


No kan du like designet eller designen, skrive tjuefjorten eller totusenogfjorten og ete lunsj klokka 12.00 eller 12:00. Du kan òg skrive datoar på ein ny måte i visse samanhengar.

Endringane er vedtekne mest på grunn av korleis språkbruken har utvikla seg i samfunnet.

Dette er nytt i den offisielle rettskrivinga og skrivereglane, ifølgje ei pressemelding frå Språkrådet:

· Design kan no skrivast som inkjekjønnsord, ikkje berre som hankjønnsord.

På nynorsk vert bøyinga eit design – designet – design – designa eller ein design – designen – designar – designane. På bokmål vert det et design – designet – design – designa/designene eller en design – designen – designer – designene.

Bakgrunn: Design har vore normert som hankjønnsord sidan 1969, men er truleg minst like mykje brukt som inkjekjønnsord, og Patentstyret med fleire har bede om ei endring.

· Skrivemåten tjuefjorten vert no likestilt med totusenogfjorten, før har berre den siste vore normert. Likestillinga gjeld òg dei få samanhengane der Språkrådet gjev råd om uttale/lesemåte.

Bakgrunn: Skrivemåten av årstal etter 2000 vart vedteken i 1985, og da gjekk ein inn for totusen-formene. Dette har også vore dominerande i uttalen av åra 2000–2010, men for åra 2011–2014 og kommande år har det blitt vanleg å bruke til dømes både tjuetolv og totusenogtolv. Desse skrivemåtane blir no sidestilte, og med det òg lesemåten av dei.

· Firesifra klokkeslett kan no skrivast med kolon, ikkje berre med punktum.

Hittil har ein kunna skrive kl. 13, kl. 1300 eller kl. 13.00. Heretter kan ein òg skrive kl. 13:00. Nøyaktige klokkeslett kan no skrivast anten som kl. 14.05.02,3 eller kl. 14:05:02,3. Ved tidtaking blir det anten 15.46,6 eller 15:46,6.

Bakgrunn: Reglane har lege fast sidan 1970-åra, men skrivemåten med kolon i klokkeslett har vorte meir og meir vanleg. Digitalisering er ei viktig årsak. Etter den internasjonale standarden NS-ISO 8601 skal kolon brukast som skiljeteikn, og det er styrande for korleis mange skriv klokkeslett på datamaskinar. Kolon vert no eit alternativ i dei offisielle skrivereglane.

LES OGSÅ: Her er årets ord i 2013

· Datoar kan no ha formatet år-månad-dag i teknisk bruk. I allmennspråket og i løpande tekst er framleis berre formatet dag-månad-år rett.

Bakgrunn: Den tradisjonelle rekkjefølgja dag-månad-år (f.eks. 17.05.2014) er i samsvar med vanleg talemål og korleis rekkjefølgja er når ein skriv månadsnamnet fullt ut: 17. mai 2014. Rekkjefølgja år-månad-dag (f.eks. 2014.05.17) er norsk og internasjonal standard og mykje brukt ved utveksling av data, i kronologiske lister og anna.
Det er fagrådet for normering og språkobservasjon som har greidd ut endringane, og styret i Språkrådet vedtok dei den 11. februar 2014.

Les alt om den nynorske rettskrivingsreforma av 1. august 2012 her!

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...