Heim Nyhende Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Barnehageborna i nynorskkommunane møter meir bokmål enn nynorsk i song og høgtlesing. Det viser ei undersøking som Pirion og Landssamanslutninga av nynorskkommunar gjennomførte tidlegare i år.

No har Sunnfjord kulturskule og litteraturformidlar Janne Karin Støylen utvikla eit nytt digitalt kurs for barnehagane som skal styrkja arbeidet med nynorsk.

Skal vera lett å bruka

Det digitale kurstilbodet på Pirion.no er sett saman av videoar, oppgåver til samtale og andre ressursar. Kvar økt tar maksimum éin time å gjennomføra.

– Tanken er at det skal vera lett å ta det i bruk på personalmøte i barnehagane, fortel Pirion-redaktør Svein Olav B. Langåker. Han fortel at dei er inspirert av Språkløyper til Lesesenteret og Utdanningsdirektoratet.

Kurset er støtta av Utdanningsdirektoratet og Kulturtanken, og tar utgangspunkt i erfaringane frå det treårige prosjektet «Kulturbarn Sunnfjord».

Høgt fagleg innhald

Professor ved Høgskulen på Vestlandet, Eli Bjørhusdal, byrjar kursrekkja med eit miniføredrag om kva det vil seia å vera nynorsk barnehage – og korleis nynorsk språk og kultur kan vera ein del av både overordna målsettingar og det daglege arbeidet i barnehagekvardagen.

Litteraturformidlar Janne Karin Støylen har laga ei økt om leseglede og språkstimulering på nynorsk.

– Den nynorske barnebokhylla er smekkfull av førsteklasses litteratur, nye forfattarar kjem stadig til og det er berre ein ting å gjere: Lese! I kurset let me ein kjend og kjær frosk vise oss det han kan om å vera i ei god bok. Han har eit tips og to om finna fram til dei beste forteljingane, seier ho.

Utvida repertoar

Distriktsmusikarane Ole Nilsen og Ingrid Schei Stuhaug i Sunnfjord kulturskule har har laga fleire økter om folkemusikk i barnehagane.

– Me har laga kurset for å synleggjera eit songmateriale som er eigna for born i barnehagealder, men som kanskje ikkje er tilgjengeleg for barnehagepersonellet på same måte som songar ein finn i songbøker eller i anna læringsmateriell, seier Ingrid Schei Stuhaug.

Tradisjonssongar Unni Løvlid deltar med både eit miniføredrag og åtte songar som er spelte inn på video slik at sjåarane òg får sjå rørslene til songane.

– Songane er eigna for denne aldersgruppa av fleire grunnar, fortel Ingrid Schei Stuhaug.

– Det er enkle melodiar, korte tekstar, og tematikken er ofte det born er opptatt av, slik som dyr og eventyr. Det er også rørsler til songane, noko som gjer dei ekstra morosame å bruka. Dette gjev også høve til å tilpassa materialet ut frå alderen på borna i barnehagen.

Ein god start

– Me håpar kursrekka vil vera til inspirasjon og bidra til å bevisstgjera oss om å velja nynorsk når me kan i kulturarbeidet i barnehagen, seier Janne Karin Støylen.

Ho følgjer gjerne opp med besøk og fysiske Pirionkurs.

Pirion-redaktør Svein Olav B. Langåker håpar òg at andre prosjekt og utviklingsarbeid i andre kommunar kan dokumenterast og delast i ei utviding av den digitale kurspakken.

Sjå det digitale Pirionkurset her!

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...