Heim Nyhende Språkdirektøren: Det norske språket har ein sterk posisjon

Språkdirektøren: Det norske språket har ein sterk posisjon

– Det norske språket, både nynorsk og bokmål, har ein sterk posisjon i samfunnet, og det er ikkje trua av utrydding, seier direktøren i Språkrådet, Åse Wetås.

Wetås opna Språkdagen på Det Norske Teatret i Oslo tysdag med på gjere opp status for det norske språket i dag. Ho minte om at norsk har sterk både formell og uformell støtte i heile samfunnet, i det offentlege og i media.

Språkdirektøren rosa den nye språklova, som blir gjeldande frå 1. januar 2022. Ho meiner språklova vil bidra til at norsk skal stå støtt også i framtida. Her er det krav om ein tydeleg og offensiv språkpolitikk, der hovudmålet er å ta vare på ikkje berre det norske språket, men også dei godkjende minoritetsspråka samisk, kvensk, romani og romanes.

Sjå opptak frå Språkdagen her!

Klart språk

Eit av felta Wetås peika på i innlegget sitt, er det ansvaret det offentlege Noreg no får for å bruke det norske språket på ein måte som gjer det klart og forståeleg for innbyggjarane. Ho rosa arbeidet som er gjort i fleire offentlege etatar for å bruke eit klart og lett forståeleg språk.

– Det er gjort mykje godt arbeid med dette, men mykje står att. Det er mange eksempel på at det har vorte betre, men arbeidet skal halde fram. Det er ikkje minst viktig i helsesektoren, der bruken av eit klart og lett forståeleg språk lett kan fjerne misforståingar, og det kan få som utslag at helsekøane blir kortare, sa Åse Wetås blant anna.

Ikkje alt er roseraudt for det norske språket. Engelsk et seg inn på stadig fleire område, og ikkje minst får dei unge inn svært mykje engelsk via til dømes dataspel, Tiktok og YouTube. Her meiner språkdirektøren det er naudsynt med ordningar som gjer det attraktivt å bruke norsk i utviklinga av nye tenester.

Norsk fagspråk

Ho var også inne på problemet med at ein aukande del av norsk forsking berre blir publisert på engelsk, og at også mykje av undervisinga i den høgare utdanninga går føre seg på engelsk.

– Vi må ha eit fagspråk på norsk. Om vi ikkje har det, vil vi gå glipp av viktige debattar. sa ho.

Manglande nynorsk-vilje

Eit anna problem er forholdet mellom bokmål og nynorsk. Wetås hevda at det verkar å vere ein manglande vilje hos tilsette i statsapparatet mot å bruke nynorsk i formidlinga, og at dette faktisk er eit teikn på manglande respekt for dei 600.000 innbyggjarane her i landet som har nynorsk som hovudmål.

Ho tok også opp at nynorske lærebøker kjem mykje seinare ut til skulane enn lærebøker på bokmål, og ofte manglar det nynorske versjonar av dataprogramma elevane brukar.

Wetås kravde vidare ei ekstra satsing for elevar som brukar teiknspråk som sitt hovudmål. Det er viktig å minne om at teiknspråk er eit fullverdig språk, sa språkdirektøren.

Hurdalsplattforma

Trass i at det er mange problem for språket, uttrykte Åse Wetås optimisme. Ho meiner Hurdalsplattforma, som meislar ut politikken til den nye regjeringa, gir håp om ei satsing på det norske språket.

Språkrådet skal vere tilsynsorgan for den nye språklova. I språklova blir det slått fast at bokmål og nynorsk er heilt likestilte målformer, og at det er viktig å klage dersom ikkje offentlege organ følgjer lova.

– Det er viktig å gjere etatar som ikkje følgjer språklova merksame på dette. Og send gjerne ein kopi av klagen over til Språkrådet, så skal vi hjelpe dei med å setje i verk tiltak som kan gjere dei i stand til følgje lovverket, seier språkdirektør Åse Wetås. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Eit nytt kulturløft må løfta nynorsk

– Regjeringa lovar ein aktiv språkpolitikk og har gode tiltak i sitt budsjettframlegg, men gløymer at institusjonane er avgjerande for språket, seier sekretær for...

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...