Heim Nyhende – Nyttig med LNK-samarbeid

– Nyttig med LNK-samarbeid

Fredag skreiv Kommunalbanken under på ei forlengd avtale med Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Den nye avtala gjeld heilt fram til 2016.

 

– Vi er godt nøgde med samarbeidet vi hatt med LNK sidan 2003. Gjennom dette samarbeidet får vi møte mange kommunar som ei gruppe, samstundes som vi møter kommunane på ein litt annan måte enn vi vanlegvis gjer. Vi møter også andre typar representantar frå kommunane enn vi gjer til vanleg, seier Kjell Pettersen, som er leiar for kommunikasjon og HR i Kommunalbanken.

 

– Vi liker også det store innslaget av kultur som LNK står for. Det er nyttig å vere samarbeidspartnar med LNK, og vi gler oss til å halde fram med dette samarbeidet, legg han til.

– Kva inneber det vidare samarbeidet for Kommunalbanken?

– Det inneber at vi spyttar inn ein del midlar i LNK kvart år mot at vi får delta på arrangement og profilere oss på trykksaker og anna. At vi får vere til stades på LNK sine møtestader, seier Pettersen.

Også dagleg leiar av LNK, Vidar Høviskeland, er godt nøgd med at Kommunalbanken ønskjer å vidareføre samarbeidet.

– Det er viktig for oss å samarbeide med solide aktørar, som Kommunalbanken, KLP Forsikring og Fagforbundet. Ein ting er at dei gjev oss midlar, ein annan ting er goodwillen samarbeidet gjev oss, slår Høviskeland fast.

Bondeheimen har også forlengd samarbeidsavtala si med LNK, fram til 2014.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...