Heim Nyhende Odda-modellen må verta allmenn

Odda-modellen må verta allmenn

– Me vil ha full språkdeling ut ungdomskulen i målblanda skulekrinsar, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag og Knut O. Dale, leiar i Odda Mållag.

I Odda kommune har det i over hundre år vore høve for foreldra å velja om elevane skal gå i nynorsk- eller bokmålsklasse. Denne ordninga har vore gjennomført til og med ungdomssteget; den sokalla Odda-modellen.

– Denne språkdelinga i heile grunnskulen i Odda gjer at elevane får all undervisning og alt undervisningsmateriell i alle fag på hovudmålet sitt. Dette gjer elevane til trygge språkbrukarar, seier Knut O. Dale.

Denne ordninga hindrar målbyte i grunnskulen og medverkar til at så godt som alle nynorskelevane held fram med nynorsk i den vidaregåande skulen. På grunn av sparetiltak i kommunen er denne unike og gode ordninga no komen under sterkt press. Både Odda Mållag, elevrådet og Utdanningsforbundet ved Odda ungdomsskole har engasjert seg sterkt for å halda oppe språkdelinga ved Odda ungdomsskole og har førebels vunne fram i to budsjettrundar. Hausten 2014 kjem saka opp på nytt i kommunestyret. Før den tid skal kommunen gjennomføra ei brei evaluering og ein høyringsrunde.

Landsmøtet i Noregs Mållag gir full støtte til kampen for å halda oppe språkdelinga ved Odda ungdomskole, både på eit målpolitisk og pedagogisk grunnlag. Landsmøtet vil at Noregs Mållag arbeider for at Stortinget løyver ekstra midlar til å halda oppe språkdelinga i Odda, slik at ein unngår debatt om dette ved kvar budsjetthandsaming.

Landsmøtet vil at Noregs Mållag arbeider for at andre ungdomsskular i målblanda område i landet skal kunna gjennomføra full språkdeling og få ekstrakostnadene med dette dekte av staten.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Velkomen til landstinget til LNK! Sjå programmet og meld deg på her!

Statssekretær Trude Storheim (Ap) og direktør i Språkrådet Åse Wetås kjem saman med ei rekkje andre interessante innleiarar til landstinget til LNK 3.-4. juni...

Debatt: Lærarar som ikkje kan skrive nynorsk

Mange norsklærarar seier sjølve at dei ikkje er godt nok rusta til å undervise i nynorsk som sidemål. Det er djupt alvorleg. Universitet og...

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...