Heim Nyhende Økland til Falturiltu

Økland til Falturiltu

Forfattaren Einar Økland blir festivaldiktar på årets Falturiltu-festival, den einaste nynorske barnelitteraturfestivalen i verda. 

Einar Økland debuterte i 1963, 23 år gammal, og har sidan då gitt ut nærare åtti bøker innafor mange sjangrar. Økland var heilt sentral den store nyskapinga i barnelitteraturen på syttitalet, både gjennom skrivemåte, temaval, og gjennom å løfta fram unge og spanande illustratørar som Wenche Øyen (Ein god dag, 1979, Ei ny tid , 1981 ) Kari Bøge (Du er så rar, 1973, Snakk med doktor Ost , 1977), Oddvar Torsheim (På frifot, 1978) og Gerhard Stoltz (Her er ingen papegøye , 1984, Den dumme, 1988)

Økland er frå Valevåg i Sveio, og er utdanna psykolog. Han debuterte som forfattar med diktsamlinga Ein gul dag i 1963 og har seinare følgt opp med romanar, skodespel, essay og barnebøker. I tillegg har han gjendikta utanlandsk lyrikk og vore ein sentral person i dei litterære tidsskrifta Profil og Basar. Han har motteke ei lang rekke prisar, bl.a. Aschehougprisen 1988, Doblougprisen i 2000 og Gyldendalprisen i 2006, og han har vore festivalforfattar ved Festspillene i Bergen i 1992 og Dei nynorske festspela i 2002.

Innan faglitteraturen har Økland lenge gjort eit stort og viktig arbeid med å løfta fram deler av (barne)kulturen som er forsømt av kunst- og litteraturhistorikarar og etnologar. Han har grundig dokumentert arbeidet til norske illustratørar med trykksaker som iddisar, plateomslag, bokomslag og reklameplakatar. Den siste boka hans «Den norske maleboka» (2012) er eit eksempel på dette.

Einar Økland er truleg den einaste norske forfattaren som bur i ein veg kalla opp etter seg: Einar Øklands veg i Sveio, fortel falturiltufestivalen i ei pressemelding.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...