Heim Nyhende Omtale: Kjære Landsmenn!

Omtale: Kjære Landsmenn!

Ein kabaret som tek publikum med på ei humoristisk og innhaldsrik reise, der Herborg Kråkevik sin kjærleik til Vestlandet kjem klart fram.

Gjennom 75 minutt leverer Kråkevik ein kabaret saman med musikarane Kjetil Bjerkestrand og Bernt Rune Stray som er til å le høgt av, men som òg er til ettertanke.

Ho balanserer heile tida mellom det morosame og det seriøse. Monstermastene i Hardanger, Arne Garborg, kongefamilien og media får alle medfart gjennom oppsetjinga. Men det heile blir gjort gjennom gode tekstar på humoristisk vis, som ofte gjev stoff til ettertanke. Det skapar ei god stemning i salen.

Ei reise

Det heile startar i Danmark, der Kråkevik har budd dei siste åra, men etterkvart blir publikum tekne med på ei reise gjennom Noreg. Her får publikum servert både positive og negative sider av landet vårt. Bodskapane til Kråkevik er fleire. Det er tydeleg at ho vil visa publikum at sjølv om me veit at Noreg er best, så er me gode til å syta likevel.

Parodiar

Sjølv er Herborg Kråkevik parodiert i mange samanhengar, og parodiar er litt av hennar eige varemerke. Ho viser ei enorm evne til å hoppa inn og ut av forskjellige roller, skiftar på dialektar raskare enn Ola Normann skiftar TV-kanalar – og det på eit perfekt vis. Overbevisande imiterer ho m.a. Ingvild Bryn og gjer effektivt narr av NRK og Dagsrevyen si nyhendeprioritering. Ho lagar dessutan ein fornøyeleg parodi på redaktør Harald Stanghelle i Aftenposten sine utallege kommentarar til alt og ingenting.

Det musikalske

Musikken i stykket kan ein heller ikkje klaga på. Saman med Bjerkestrand har Kråkevik funne fram til norske klassikarar, som blir framførde på ein måte du ikkje har høyrt tidlegare. Alt frå Dar kjem dampen til Ja, vi elsker blir framførde i hennar arrangement og med hennar sarte røyst.

Gjennom Haraldsgata

Kråkevik byr skikkeleg på seg sjølv i denne framsyninga. Ho går inn i seriøse og rolege roller, for deretter å rava gjennom Haraldsgata i Haugesund som ein bråkjekk og småfull Karmøybu. Ho er innom dei fleste dialektane i Noreg, og dei som ikkje får vera med, orsakar ho seg med at ho ikkje orkar å imitera.

Bokmølsbølgja

Høgdepunkta er mange, blant anna slottsmiddagen me får vera med på, der Mette-Marit er vert. Det er «veldig, veldig, veldig hyggelig og ikkje minst rørande.» Eit anna høgdepunkt er turen på Noahs robåt, der Kråkevik prøver å samla inn flest mogleg dialektar, slik at «bokmølsbølgja» ikkje skal eta dei opp. Her gjeld det å følgja med i svingane, Kråkevik hoppar frå den sensuelle nordlendingen (Kari Bremnes) til karen frå Fosnavågen. Eit sparetips du kan leva lenge på, er å leggja brevet på radiatoren over natta om det er eit par gram for tungt. Då er det garantert 19 gram dagen etter.

Alt i alt er det ei utruleg bra framsyning Herborg Kråkevik leverer, humoristisk, men også politisk. Kabareten, som skal gå fram til 22. desember, er noko å få med seg.

Spørsmålet blir: Kjem kabareten på turné til Vestlandet, som Kråkevik viser slik kjærleik til?

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...