Norsk Målungdom lanserte tysdag satsinga som har fått namnet Nynorsk digitaldugnad. Dei vil ha dugnad for omsetjing av nynorsk på nettsider, av filmtekstar og fri programvare.
– Planen er å engasjere tenestetilbydarar, vanlege nynorskbrukarar og våre eigne aktivistar og medlemmer i ein felles innsats for digital nynorskvekst, seier Vebjørn Sture (23), nestleiar i Norsk Målungdom.
I første omgang blir dugnaden konsentrert om Wikipedia på nynorsk, omsetjing av filmtekstar og fri programvare.
Men dei ønskjer å utvide satsinga utover hausten.
– Me er særleg interessert i å omsetje fleire tenester innanfor sosiale media. Likeins håpar me å få med oss tilbydarar av ulike nettbanktenester og mobilordlister med på laget, slik at dei kan leggje til rette for dugnadsomsetjing av tenestene sine, seier Sture. (©NPK)