Heim Nyhende Oppussingsstrid om Jakob Sande-heimen

Oppussingsstrid om Jakob Sande-heimen

Oppussinga av barndomsheimen til diktaren Jakob Sande i Fjaler har skapt strid i Jakob Sande-selskapet. Det har ført til skiping av ein mot-organisasjon

 Margrete Reisæter, leiar i Sande-selskapet, seier til NRK at målet med ombygginga er å gjere diktarheimen meir besøksvenleg.

 – Eg gler meg over at det skjer ei forandring her og at vi får eit funksjonelt bygg. Det blir gode moglegheiter for drifta vår vidare.
 Men dette er ikkje medlem i Sande-selskapet, Torodd Fagerheim, samd i. Han har lenge vore ein viktig Jakob Sande-forkjempar og reagerer sterkt på den nye utbygginga.

 – Dette er ein skandale. Dei har reinska ut alt som er innvendig slik at det berre er dei innvendige konstruksjonane igjen av det gamle bygget. Dette er rett og slett å vanære Jakob Sande sitt ettermæle.

 Fagerheim hevdar at vesentlege delar av planlegginga har gått føre seg i det stille, både for store delar av Sande-selskapet og til og med for kommunen. Han kallar dette ei stor konflikt, og har no laga ein motpart til selskapet. Den nye organisasjonen er oppkalla etter barndomsheimen til diktaren og har fått namnet «Klokkargardens Vaktlag».

 Fjalerordførar Arve Helle avviser kritikken. Han seier at barndomsheimen til Sande slett ikkje er rasert, men at klokkargarden er gjennom ei nødvendig oppussing.

 – Dette er totalt ute av proporsjonar når ein kan hevde slikt som dette. Eg klarer ikkje med min beste vilje å sjå katastrofen som Fagerheim skildrar.
Eg føler meg trygg på at dette er gjort i samsvar med retningslinjer som gjeld, seier Helle til NRK Sogn og Fjordane. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...