Heim Nyhende Ordførarskepsis til kommunesamanslåing

Ordførarskepsis til kommunesamanslåing

Berre knappe ein av fire ordførarar er positiv til å slå saman sin eigen kommune med andre, viser ei ny undersøking. Skepsisen er størst i små kommunar med ikkje-borgarlege ordførarar.

 

Undersøkinga som er gjennomført av Oxford Research og vert presentert i Dagens Næringsliv, viser at berre 23 prosent av ordførarane her i landet er positive til kommunesamanslåing.

Undersøkinga viser at det er stor forskjell mellom by og distrikt. 66 prosent av ordførarane i dei store kommunane er positive, mot berre 13 prosent i distrikta.

Ordførarar som høyrer til ikkje-borgarleg side er gjennomgåande meir negative til kommunesamanslåingar. 61 prosent seier dei er negative og 23 prosent at dei er positive, medan 16 prosent steller seg nøytrale i spørsmålet.

Blant dei borgarlege ordførarane er situasjonen omvendt. 69 prosent er positive og berre 12 prosent negative, medan 19 prosent svarer at dei er nøytrale.

Professor Jørn Rattsø ved NTNU er ikkje overraska over motstanden som kjem så tydeleg fram i undersøkinga, men han er overraska over at så mange ordførarar er positive til å gi frå seg jobben.

– For dette handlar jo om ei reform som vil ta frå tusenvis av lokalpolitikarar jobben, påpeiker han.

Undersøkinga blei gjennomført veka før regjeringa la fram den første delrapporten sin om kommunesamanslåing for to veker sidan. 253 av 428 ordførarar svarte på undersøkinga. (©NPK)

Førre artikkelBest tenester i små kommunar
Neste artikkelOrdkunstnaren

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...