Heim Nyhende Ordkunstnaren

Ordkunstnaren

Redaksjonsleiar i Suldalsposten, Esther Moe ser på språket som brua over til andre menneske.  Språkgleda i redaksjonen gav nyleg avisa prisen Årets lokalavis.

 

– Å få prisen Årets lokalavis var ute av alle dimensjonar og både uverkeleg og ekstatisk, me som var heldige å vere der og få ta i mot den kunne ikkje vore gladare om det var ein Oscar. Det å bli heidra for klassiske avisverdiar som handlar om språk, formidling og bladbunad av ein tung jury med folk eg har stor respekt for er ein sterk inspirasjon. Og så var det veldig fint å komma heim til Suldal og dela gleda med alle som vann prisen; denne kollegagjengen og arbeidsfellesskapen skal ein leita lenge etter, slår redaksjonsleiaren fast.

Astrid Espeland, Esther Moe og Marta-Brit Lunde tok i mot pris for beste lokalavis. Foto: Vidar Alfarnes Suldalsposten kjem ut to gonger i veka, og har stort sett Suldal kommune som nedslagsfelt. Redaksjonsleiaren er kjent som ein ordkunstnar, både i avisspaltene og på Twitter der heile 5000 personar fylgjer hennar lyriske oppdateringar om kvardag og fest. Esther Moe er blitt lagt merke til, og pennen hennar er heidra, no sist vart ho trekt ut til å møte kronprinsessa på litteraturtoget, saman med Anette Garpestad som er marknadssjef for nye medium i Cappelen,  og forfattar Vidar Kvalshaug. 

– Twitter handlar om å koka ting ned til ein liten firkant beståande av 140 teikn. Den vesle firkanten er ein liten magnet for ein som likar ordleiken. Twitter gir meg høvet til å gi og få på nesten heile repertoaret av ting eg likar; bøker, politikk, poesi, underlege små observasjonar i kvardagen og magiske augneblinkar med medseglarar i twitter-straumen.

Kven som fylgjer henne eller kva dei meiner er ho derimot mindre interessert i.

– Eg tenkjer nok ikkje så hardt på kor mange som les eller meiner noko om det eg deler. Det er sjølvsagt hyggeleg å bli følgd, men det er mange med mange fleire følgjarar enn meg.

Blant fylgjarane på Twitter finn me i tillegg kronprinsessa, pr-rådgjevar Hans Christian Vadseth, journalist Nina Owing og politisk kommentator i Dagbladet Marie Simonsen.

– Du er kjent for å ha ein lyrisk penn og eit leikande nyhendespråk, er det språket me ofte møter i media for kjedeleg?

– Takk for komplimenten. Eg trur me av og til blir litt for bundne og opptatt av å visa fagekspertisen og kjeldene våre at me er flinke og har forstått. Er eg på tynn is og forstår lite, har eg som regel meir behov for å halda opp store, vanskelege ord framfor meg. Fattar eg til fulle kva saka går i og kva som er konsekvensane, er det enklare å fri seg or byråkratspråket og berre fortelja det. Eg mistenkjer at ein del av det kjedelege språket spring ut av at me lener oss på vanskelege ord fordi me er redde for å bli tatt i å ikkje ha forstått kva saka går i.

Ho ser ingen grunn til å skriva kjedeleg verken om politikk eller nyhendesaker.

– Men den som jobbar med rådmannens budsjettforslag, veit at det er eit dokument som må fileterast. Eg likar godt å leika med språket, og nyhendesaker kan godt bli utstyrt med eit smilehol eller to, men det er viktig at saka blir korrekt og at språkføringa står i stil med innhaldet. Det skal vera seriøst og etterretteleg.

– Dagens mediespråk ber gjerne preg av mykje skal publiserast raskt, det er nok mange gode pennar som nå må skunda seg for mykje til at me får nyta kunstane deira. Det er synd. Godt, gjennomarbeidd og elegant språk skal ikkje vera reservert featuresakene.

Språk er eit heitt tema under redaksjonsmøta i Suldalsposten. Etter mange år med strategisk arbeid klarte lokalavisa å få tak i tittelen Årets lokalavis som Landslaget for lokalaviser deler ut. Juryen la vekt  på at god språkføring og ei bevaring av både godt journalistisk arbeid og skriftleg kulturarv.

– Me er ei avis der alle bryr seg om godt språk, frå marknadsleiaren til desksjefen. Redaksjonen består av folk som bryr seg om språk, som likar å vera i det og gode overskriftsforslag blir løna med utrop og sukk. Det hender det er kamp på kniven om å treffa best, så språket har me saman og ler mykje over også.

I Suldalsposten samanliknar dei avisa med ein god sitrondrops. Avisa skal vere smakssterk og definert, men ikkje sur.

– Me skal stilla spørsmåla til dei som har makt og vera tett på menneska og historiene. Når regionavisene trekkjer seg meir tilbake, er det viktigare enn nokon gong at vidstrekte Suldal får ei dekning som er kommune og innbyggjarane verdig, både på nyhende, aktualitet, bakgrunn og reportasje og feature. For tida arbeider me med å bli endå betre på foto, bilete skal ikkje vera noko som blir klaska oppå teksten.

Godt språk handlar om å finna tonen. Esther veit når tonen er der, og når den ikkje er der. Det handlar om å våga, meiner ho, om timing og om å la flyten ta litt overhand.

– Språket, det er brua mi over til menneska. Me har forskjellige språk, somme finn vegen med seg sjølv gjennom måleri, andre gjennom musikk eller dans. Orda er min veg.

Esther Moe (i midten) med kronprinsessa på litteraturtoget, saman med Anette Garpestad som er marknadssjef for nye medium i Cappelen, og forfattar Vidar Kvalshaug. Foto: Det kongelege hoff

– Og kva er god litteratur?

– God litteratur er bøker og tekstar som sluker meg opp, som utvidar tanken og sjela, som får meg til å le, gråta og til å kjenna på livet. Eg likar veldig forskjellige ting, Sigurd Hoel, Sigrid Undset, Haruki Murakami, Karl Ove Knausgård, Marie Takvam, og kan eg også få nemna journalist Kjetil Østli som er ein stor inspirasjon for meg.

– Kjem det noko skjønnlitterært frå deg?

– Alle som likar å skriva, har sikkert leikt med den tanken. Kanskje kan det bli verkeleg, men det krev disiplin.

– Kvifor journalistikken?

– Det er nok ikkje eit veldig gjennomtenkt val, men ei lokalavis er litt av ei løve og den vil ha mat stadig vekk. Det er ikkje tid og plass for å sitja bakarst i bussen og kikka på allslags andre ting. Eg likar også variasjonen og spenninga og samarbeidet som journalistjobben gir.

Redaksjonsleiaren ser at den største utfordringa for lokalavisene framover er gjera seg uunnverleg og å klara å tena pengar til å finansiera journalistikken.

– Eg trur ikkje Facebook overtar for den redigerte lokalavisa, men me kjenner sjølvsagt trykket når det gjeld annonsesalet. Kanskje må lokalavisene i større grad finna andre og meir utradisjonelle bein å stå på for å overleva framtida med tanke på inntening, undrar ho seg.

– Og kva med nynorsken i denne utviklinga?

– Nynorsken må ikkje henfalla til underdog-posisjonen og ikkje ta martyrtonen. Me som er så heldige å få bruka dette vedunderlege språket er veldig heldige, det skal me kommunisera ut. Ikkje ved å fortelja det, men gjennom å visa at nynorsken er like mjuk som hardfør, eit ypparleg nyhende-og kommentarspråk og som tvingar oss inn i aktivering av setningar som kanskje elles ville komme i passiv form.

– Debattredaktør Hilde Sandvik i BT er ei av dei som har løfta nynorsken nydeleg og som gir meg tru på at fleire har fått augo opp for dette språket. Når Aftenbladets Sven Egil Omdahl med sin glitrandegiftige penn viser kor komisk og dumt det blir når Aftenposten gjengir Jon Fosse på bokmål er det også bidrag som svir. Me skal ikkje stå med hua i handa, men martyrdommen er det ingen grunn til å gnikka på.

FAKTA:

Esther Moe
• 45 år, fødd og oppvaksen i Suldal.
• Utdanna sosionom og diakon
• Har jobba med gamle spreke folk  i Oslo, så vidt innom dåtidas sosialkontor i Suldal og eit par år med eit prosjekt hjå politiet i Suldal.
• Redaksjonsleiar i Suldalsposten sidan 2003.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Ny lærebok vil vise at nynorskopplæring er moderne

Lærarstudentar og norsklærarar som strevar med nynorsk får gjennom ei ny bok høve til å styrkje nynorskkompetansen sin. – Boka er sett saman av ulike...

Vel nynorsk for barnet ditt!

Er du ein av dei mange tusen føresette som veit at dette er siste året i barnehage, og neste haust er det skulestart? Kanskje...

Det nynorske næringslivet foreinar kreftene

Den nye medlemsorganisasjonen Nynorsk bedriftsforum skal vere eit landsdekkande nettverk av og for nynorskbedrifter. Målet er å betre dei språklege arbeidsvilkåra for nynorskbedriftene, slik...

Unikt Aasen-materiale publisert på nett

Boksamlinga etter Ivar Aasen inneheld omlag 2 500 bøker. I januar i år tok Nynorsk kultursentrum til på arbeidet med å gå gjennom alle...