Heim Nyhende Oslo kommune har to nynorskelevar i grunnskulen – får 11 millionar til...

Oslo kommune har to nynorskelevar i grunnskulen – får 11 millionar til språkdelte klassar på ungdomstrinnet

Mållaget er fortvila over at pengane til å sikra nynorskelevar i randsonene vert fordelt på alle kommunar.

Saka vart først publisert på Framtida.no.

Om foreldra til ti eller fleire elevar på eit barneklassetrinn i ein kommune vel ei anna målform enn det majoriteten har, har elevane rett på ein eigen språkdelt klasse.

Den nye opplæringslova som tredde i kraft hausten 2024 utvidar denne retten til å òg gjelda ungdomsskuleelevar.

Noregs Mållag: – Smurt tynt utover

Fordi det kostar pengar å oppretta fleire klassar har regjeringa vedteke at kommunane får ekstra pengar til språkdelte klassar.

I 2025 får norske kommunar til saman 102,4 millionar kroner ekstra. Pengane stiller ikkje noko krav til at kommunane faktisk opprettar eigne språkdelte klassar.

Slik fordelinga mellom kommunane er sett opp får Oslo kommune 11 millionar kroner til språkdelte klassar i 2025. Dette trass i at dei berre har to nynorskelevar, som ikkje er nok til ein eigen klasse.

Noregs Mållag meiner kommunar som har nynorskklassar bør kunne søkja om midlar til dette, slik at dei faktisk går til kommunar der det er aktuelt med språkdelte klassar i ungdomsskulen.

– Regjeringa gav først 40 millionar og så ytterlegare 60 millionar i statsbudsjettet til språkdelte klassar. Me opplever at den sigeren no går til kommunar som ikkje har tenkt å bruka dei på nynorskelevar, seier mållagsleiar Peder Lofnes Hauge på telefon til Framtida.no.

Han fryktar at pengane ikkje vil føra til fleire språkdelte klassar i område der det er aktuelt, fordi dei er «smurt tynt utover».

– Me veit at mange kommunar slit økonomisk og at mange kommunedirektørar tek initiativ til å ikkje ha språkdelte klassar for å spara pengar.

– Er dette riktig?

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) er blitt kontakta av Noregs Mållag, som er bekymra for at midlane til språkdelte klassar i ungdomsskulen ikkje vil gå til kommunar som har språkdelte klassar.

Rotevatn er uroa og stilte spørsmål til kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) før jul.

Ifølgje Rotevatn viser talet på sjuandeklassingar som gjekk i ein eigen nynorsk- eller bokmålsklasse i fjor, at det kan bli 54 skular i 36 kommunar med språkdelte klassar på ungdomsskulen.

Sveinung Rotevatn, Venstre, Hordaland. Foto: Stortinget

– Veldig mykje av dei pengane som skal gå særleg til å hjelpa nynorskelevar i pressområde, vil gå til kommunar som knapt har ein einaste nynorskelev, og det kan då ikkje ha vore meininga, seier Sveinung Rotevatn på telefon til Framtida.no, og legg til:

– Så mitt spørsmål til regjeringa er: Er dette riktig? Eg håpar verkeleg at svaret er «nei», og at her har folk misforstått.

Støtte til moglege ekstrakostnadar

Framtida.no har òg kontakta Kommunaldepartementet og fått skriftlege svar frå ansvarleg statsråd.

Kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) stadfestar at det stemmer at Oslo kommune får om lag 11 millionar til språkdelte klassar.

– Den nye retten til opplæring i eiga skriftspråkgruppe gjeld i utgangspunktet på same måte for alle kommunar, og kompensasjonen blir derfor òg fordelt til alle kommunar gjennom inntektssystemet, skriv Sande i ein e-post via kommunikasjonsavdelinga.

Erling Sande (Sp) er kommunal- og distriktsminister. | Foto: Stortinget

Grunnen er at midlane blir fordelte slik at kommunane får støtte til moglege ekstrakostnadar til språkdelte klassar.

Sande understrekar at retten til opplæring i eiga skriftspråkgruppe gjeld uavhengig av korleis kompensasjonen er fordelt mellom kommunane.

– Kommunane sine utgifter til grunnskule, inkludert språkdelte klassar, blir finansiert innanfor dei samla inntektene til kommunane. I dette systemet er det ikkje alltid eit eksakt samsvar mellom kompensasjonen knytt til nye enkeltsaker og meirkostnaden til kvar enkelt kommune kvart enkelt år. Men når ein ser alle oppgåvene i samanheng, vil det som regel jamne seg ut over tid. Og retten elevane har til opplæring i eiga skriftspråkgruppe ligg uansett fast.

– Totalt urimeleg

Sveinung Rotevatn meiner fordelingsmetoden som er lagt fram er veldig urettferdig, og peikar på at 80 prosent av midlane kan gå til kommunar der det ikkje er aktuelt med språkdelte klassar.

– Det meiner eg er totalt urimeleg i så fall. Heile poenget med dette her har jo vore å styrka elevrettar og vareta eit språkleg mangfald. Og særleg at det skal koma nynorskelevar til gode, fordi det er stort sett dei som er under press, seier han.

Leiaren i Noregs Mållag er uroa over svaret kommunalministeren har gitt, og meiner ein ikkje kan rekne med at det vil jamne seg ut.

Leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge. Foto: Jannica Luoto

– Me opplever ei regjering som har levert på språkdelte klassar og som har sett av pengar til det, men som sløsar vekk pengane. Det er skuffande at Erling Sande ikkje ser det, seier Lofnes Hauge.

Lofnes Hauge håpar regjeringa vil ta ei ny vurdering, og er klar i sin tale:

– Slik kan me ikkje ha det. Det vil slå bein under den store politiske sigeren med språkdelte klassar.

– Vanskeleg å vita på førehand

Kommunalministeren svarar at dei ikkje har planar om å endra på korleis midlane vert fordelt.

– Det er vanskeleg å vita på førehand kva kommunar som vil bli påverka av den nye retten og korleis kommunane vil organisera seg i dei tilfella der det blir aktuelt. Det er derfor ikkje mogleg å seia noko sikkert på førehand om meirkostnadane for kvar enkelt kommune. Kva kommunar som kan bli påverka av den nye retten vil også kunne endra seg over tid. Midlane er derfor på vanleg måte fordelte etter dei ordinære kriteria i inntektssystemet, slik at alle kommunar blir kompenserte for moglege ekstrakostnadar knytte til den utvida retten, skriv Sande via kommunikasjonsavdelinga.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Oslo kommune har to nynorskelevar i grunnskulen – får 11 millionar til språkdelte klassar på ungdomstrinnet

Mållaget er fortvila over at pengane til å sikra nynorskelevar i randsonene vert fordelt på alle kommunar. Saka vart først publisert på Framtida.no. Om foreldra til...