Heim Nyhende Osterøy satsar friskt på original bokbuss

Osterøy satsar friskt på original bokbuss

Med ein kunstnardekorert buss, digitale skjermar utanpå og inni og lys som skiftar farge etter litterære tema, går Osterøy nye vegar for å lokka barn og unge til å lesa.

 

– Vi veit at vi konkurrerer med svært mange andre element om merksemda til barn og unge. Difor er det viktig at dei får lyst til å koma til bibliotekbussen, seier biblioteksjef Bente Dammen ved Osterøy bibliotek til Nynorsk pressekontor om storsatsinga som blir lansert 25. august.

Når barna først får oppleva den nye bibliotekbussen, har ho stor tru på at dei vil lika seg og vil koma tilbake. I tillegg til fargerike og dekorative illustrasjonar av kunstnaren Anne Fiske – og ei rekkje effektar – har bussen tipp topp moderne elektronisk utstyr av alle slag.

Lang tradisjon

Osterøy bibliotek har lang tradisjon for å driva med lesestimulering og nyskapande kulturprosjekt. Den førre bokbussen deira, Soria Moria, vart kåra til den vakraste bokbussen i Norden. Bussen står no på museum.

Medan mange andre kommunar kuttar både bibliotekfilialar og bokbuss, var det aldri på tale at den gamle bokbussen på Osterøy ikkje skulle erstattast.

– Det var ikkje nokon stor diskusjon, seier Dammen. Ho fortel at bokutlånet på Osterøy i mange år har vore svært høgt og at politikarane difor var velvillige til å løyva pengar til ein ny bibliotekbuss.

– Bokutlånet har i mange år lege på rundt 20 bøker per barn kvart år. Det er omtrent på nivå med Finland og blir rekna for å vera svært bra, seier ho.

Ny satsing

Med den nye bibliotekbussen sin ønskjer Osterøy bibliotek å formidla litteraturen på ein kreativ, god og morosam måte.

– Gode formidlarar er eit viktig nøkkelord, meiner Dammen. Biblioteksbussen vil mellom anna ta i bruk «standup»-formidling av barnelitteratur og andre stunt med profesjonelle formidlarar.

Bussen har også eit eige fortelt der det blir mogleg å driva med dataspel, film eller andre digitale aktivitetar.

Som den første bokbussen i Noreg er den nye biblioteksbussen på Osterøy også utstyrt med ein sjølvbetent utlåns- og innleveringsautomat.

Bussen har dessutan solcellepanel på taket for å gje straum til alt det digitale, ledlysa og lyssetjing av veggene som kan skifta farge etter litterære tema og kva stemning som er på turen. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...