Heim Nyhende Over femti tevlar om å bli «Årets friluftslivskommune»

Over femti tevlar om å bli «Årets friluftslivskommune»

Det er 56 kommunar som konkurrerer om å bli Årets friluftslivskommune.

 

Konkurransen vert arrangert for fjerde gong, i regi av Norsk Friluftsliv og Friluftsrådenes Landsforbund. Formålet med konkurransen er å få auka søkjelys på friluftsliv og inspirera kommunane til større innsats for friluftslivet.

– Vi er svært nøgde med at 56 kommunar har meldt seg på, dette er det høgste talet vi har sett sidan starten i 1997. Vi trur Friluftslivsåret har hatt ein god effekt på friluftslivet i norske kommunar. Kommunane har gjennom arealforvaltinga si, tilrettelegging og samarbeid med frivillige organisasjonar stor påverknad på kva tilgang folk har til gode friluftslivsopplevingar. Det høge deltakartalet tolkar vi som at kommunane tek friluftsliv på alvor. Vi ser allereie no at det er gjort mykje bra friluftslivsarbeid i mange kommunar. Konkurransen om å bli kåra til Årets friluftslivskommune blir difor hard, seier Hans Erik Lerkelund, i Norsk Friluftsliv i ei pressemelding.

Den 5. november skal juryen plukke ut dei tre beste kandidatane blant dei 56 konkurrentane. Offentleggjeringa av vinnaren skjer på ein konferanse for Friluftslivsåret på Oppdal 1. og 2. desember. (©NPK)

Sjå dei nominerte her:

Alstahaug
Arendal
Aurskog-Høland
Bygland
Bærum
Dønna
Eigersund
Elverum
Evenes
Gausdal
Giske
Gjesdal
Gjøvik
Gloppen
Gol
Grong
Halsa
Hamar
Hammerfest
Hurdal
Inderøy
Karlsøy
Kvinnherad
Kviteseid
Levanger
Lier
Lyngen
Løten
Meland
Melhus
Meløy
Nesset
Nord-Aurdal
Nordreisa
Oppdal
Porsgrunn
Radøy
Rauma
Rennesøy
Salangen
Sandefjord
Sandnes
Sel
Selbu
Skjåk
Stavanger
Storfjord
Sund
Surnadal
Tjelsund
Tromsø
Tvedestrand
Vågå
Ål
Ålesund
Åmli

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Mellom appar og bærbare skjermar heve nynorsken mista sin heim

Kunnskapsdepartementet er asfalten nynorske løvetannbarn må sprenge seg gjennom. Alle norske elevar har lenge hatt rett til læremiddel på eige språk, men tida der eit...

Velkommen til landsting og 30-årsjubileum for LNK!

Me har gleda av å invitera dykk til landsting, årsmøte og 30-årsjubileum i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. I år vert landstinget halde på Quality Sogndal...

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...