Etter rekordresultat i Språkåret 2013, venta Nynorsk kultursentrum at økonomien ville verte stramare. I staden enda 2014 med overskot på 921 000 kroner.
– Etter rekordåret 2013 venta vi at 2014 ville bli stramt og krevjande. I staden blei eigeninntektene høge nok til at vi kunne setje av pengar til vidare vedlikehald, seier direktør Ottar Grepstad i ei pressemelding.
Nesten 30.000 gjester var innom Ivar Aasen-tunet i Ørsta og det nye Hauge-senteret i Ulvik i Hardanger, som er to av institusjonane Nynorsk Kultursentrum driftar.
For første gong arrangerte Nynorsk kultursentrum Ulvik poesifestival, som i likheit med Dei nynorske festspela i Ørsta gjekk med overskot.
Den samla omsetninga i 2014 var på 32 millionar og Nynorsk Kultursentrum sit no att med ein eigenkapital på nær 2,9 millionar.