Heim Nyhende På heimebane igjen

På heimebane igjen

Etter 11 år i Dagbladet har Lars Helle nå kome heim for å leie Stavanger Aftenblad mot framtida.

– Gratulerer som ny redaktør for Stavanger Aftenblad. Kva betyr denne jobben for deg?

– Takk. Det har teke litt tid å fordøye, men nå etter to-tre veker i jobben så har eg funne ut at dette blir kjekt. Eg er midt i smørauget nå. Midt i den regionen eg bryr meg mest om, og får vere med på å setje dagsorden – det er jo eigentleg bare kjempekjekt.

– Korleis har du blitt teken imot så langt?

– Eg har blitt teken godt imot. Alle er snille med meg, sjølv om eg ikkje forventar at dei alltid skal vere det. Folk har forventningar til meg, og det er positivt. Eg får nesten ikkje gå i fred når eg går på gata. Det er jo eit signal om at avisa står sterkt i regionen.

– Korleis er den nye kvardagen din?

– Eg hadde nesten gløymt korleis det var å bu heime og kunne gjere kvardagslege ting i huset på ein tysdag. Når eg slepp å pendle til Oslo, kan eg også kome meg heim til ei meir normal tid. Mykje er sjølvsagt likt på dei to arbeidsplassane, sjølv om temperaturen er høg til litt andre tider i Aftenbladet enn kva han var i Dagbladet.

– Kva forhold har du til nynorsk?

– Eg har eit positivt forhold til nynorsk. Sjølv om eg har bokmål som hovudmål, så har eg aldri vore blant dei som har hylt ut mot nynorsk som sidemål.

– Korleis kjem du til å endre Aftenbladet?

– Eg kjem ikkje til å gjere nokon endringar i språkpolitikken. Det blir heller ikkje nokon revolusjon i layout eller på andre område. Eg ønskjer at Aftenbladet skal bli litt tydelegare i ein del saker, at vi skal vere meir offensive på nyhendefronten, spisse oss meir og prioritere nyhende. Eg ønskjer også å vere ein pådrivar for den digitale utviklinga til Aftenbladet.

– Kva er du mest oppteken av som Aftenbladet-redaktør?

– Vår posisjon som den viktigaste møtestaden, kulturarenaen og nyhendeformidlaren i regionen. Eg ønskjer også at vi skal vere med på å setje dagsorden utanfor vår eigen region.

– Vi har registrert ein del skepsis i det religiøse miljøet til at du har blitt redaktør i Stavanger Aftenblad. Har dei noko å frykte?

– Mitt livssyn har ikkje noko å gjere med kva avisa skal dekkje og ikkje dekkje. Ein del av oppdraget vårt er å dekkje det som skjer også på den religiøse fronten, og det kjem vi til å halde fram med. Eg er sjølv veldig interessert i dette stoffområdet. Det er mange som trekk litt for raske konklusjonar om kva eg måtte meine og ikkje meine. Dette gjeld spesielt på det religiøse området og når det gjeld språk.

– Kvifor går du med fargerike strømper?

– Det er eit undervurdert plagg. Det byrja med ein London-tur i 1988. Eg fann mange kule strømper hos Sock Shop. Sidan har eg stadig vore på jakt etter nye fargar, mønster og former. I sommar prøvde eg ut knestrømper i 60-talsstil til shortsen. Det blei ikkje teke så godt imot. Dei som kjenner meg, hadde eigentleg ikkje lagt merke til sokkane mine før media gjorde dei merksame på det. Så det er eigentleg ikkje ei stor sak for meg.

– Kor ofte trenar du?

– Eg spring ute eller på tredemølle to til fem gonger i veka. Eg er ikkje så god på treningsstudio. Eg spring helst ute for meg sjølv eller saman med kompisar. Nå har eg nettopp kjøpt meg tredemølle. I Dagbladet hadde vi tredemølle på jobben, men det har ikkje Aftenbladet, så då måtte eg kjøpe meg ei.

– Kva er neste løp du planlegg å delta i?

– Eg må helst ha eit løp å sjå fram til for å motivere meg til å trene. Det har vore litt labert i vinter, så eg veit ikkje heilt. Men eg prøver meg kanskje på Berlin Marathon i haust igjen. Der har eg jo vore med dei siste fem åra.

Namn: Lars Helle

Alder: Blir 50 i november

Aktuell: Ny redaktør i Stavanger Aftenblad

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...