Heim Nyhende Medviten trespråkleg kommune

Medviten trespråkleg kommune

Storfjord kommune (nordsamisk: Omasvuona suohkan, kvensk: Omasvuonon/Isovuonon komuuni – frå Wikipedia) i Troms oppretta for nokre år sidan det første trespråklege språksenteret i landet. I fjor haust gjekk kommunestyret inn for at kommunen får namn på både norsk, finsk og kvensk.

– Kommunestyret vedtok samrøystes i 2007 at norsk, samisk og kvensk skulle vere tre likeverdige kulturar og språk i Storfjord. Bakgrunnen for dette er busettingshistoria, fortel oppvekst- og kultursjef May Tove Lilleng til LNK-Nytt.

Dei tre språka levde side om side i mange år, men på 1930-talet bygde staten internat kor elevar med samisk og kvensk språk skulle bu for å lære å snakke norsk. Dei skulle også haldast borte frå heimane der det blei snakka samisk eller kvensk.

– Dette førte til at mange mista språket sitt. Far min kunne tre språk, norsk, samisk og kvensk, medan eg kan norsk, engelsk, tysk og fransk, seier oppvekst- og kultursjefen.

Nå har det blitt viktig både for kommunen og staten å tilbakeføre det samiske og kvenske språket i det vesle samfunnet inst i Lyngenfjorden i Troms.

– Det er eit langvarig arbeid. Hos ein del eldre menneske finst det nok framleis haldningar som at det samiske og kvenske språket ikkje er bra nok. Nå skal vi sakte, men sikkert snu dette og gjere oss alle stolte av språka og kulturane våre, slår Lilleng fast.

Nær Finland
I dag har 40 prosent av elevane i grunnskulen i Storfjord kvensk eller finsk som andrespråk. 10 prosent har samisk.

– Det tek ein halv time å køyre frå oss og inn i Finland, det er noko av årsaka til dette. Samhandling har blitt viktig, fortel Lilleng.

I rådhuset i administrasjonssenteret Hatteng er alle skilta på tre språk, det same gjeld på skulane og i barnehagane.

I 2009 oppretta Storfjord kommune det første trespråklege språksenteret i Noreg med støtte frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Sametinget, Troms fylkeskommune og Storfjord kommune finansierer nå dette senteret, som har to fast tilsette.

– Vi har eit kontor i samfunnshuset i Skibotn som husar språksenteret, men dei skal vere mest mogeleg ute blant folk. Dei er mellom anna i skulen og held kurs i finske songar, kunst og handverk og språk, seier oppvekst- og kultursjefen.

Framleis står det att mykje arbeid for å sidestille dei tre språka i Storfjord kommune, mellom anna med nettsida til kommunen.

– Før blei det sett på som negativt med tre språk, men nå er det i ferd med å snu. Fleire og fleire erkjenner at det eigentleg er verdfullt med tre språk. Vi merkar at det har skjedd ei haldningsendring, for vi får veldig få negative kommentarar, fortel Lilleng.

– Kan vere stolte
Leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, har lagt merke til innsatsen Storfjord kommune har gjort for dei tre språka sine.

– Noregs Mållag synest det er veldig bra at Storfjord kommune har vedteke å bruke både samisk og kvensk namn på kommunen. Å vere ein trespråkleg kommune er sjeldan, og Storfjord kommune har all mogeleg grunn til å vere stolt av seg sjølv, byrjar mållagsleiaren.

– Det er om lag 6000 språk i verda. Mange av desse er truga, av ulike årsaker. Ei viktig årsak til at språk døyr, er at språket ikkje blir brukt. Dess mindre vi bruker eit språk, og dess sjeldnare vi møter eit språk, dess større er sjansen for at generasjonane etter oss ikkje kjem til å møte språket. Derfor er det godt at kommunar som Storfjord kommune brøyter veg og viser at språkleg mangfald er eit gode som vi bør verne om og bruke mest mogeleg, held han fram.

Porsanger og Tana i Finnmark er også trespråklege kommunar. Kvensk er eit språk som snakkast av etterkommarar av finskspråklege menneske som kom til Nord-Troms og Finnmark. Språket er basert på finsk, men har ei rekke norske låneord, fortel Wikipedia.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...