Heim Nyhende På toppen

På toppen

Norsk Fjellfestival har turar både for den ivrigaste fjellklatraren og for barnefamilien.

Norsk Fjellfestival i Romsdal går av stabelen blir i 2012 arrangert for 14. gang. Festivalen er i dag det største og viktigaste enkeltarrangementet i Noreg for menneske som er glade i fjell og friluftsliv. Festivalen har fast samarbeid med Den Norske Turistforening (DNT), som mellom anna har lagt ungdomsleiren sin, Basecamp, til fjellfestivalen. Årets fjellgeit blir delt ut i samarbeid med DNT, ein pris mellom andre Vegard Ulvang, Børge Brende, Cecilie Skog og Dronning Sonja tidlegare har fått.

På årets program står blant anna havkajakkurs, grottetur, gardsbesøk, klatreturar, hundekøyring, rafting og barneløp. Helene Bøksle står for den muskalske opninga, kokk Esben Johansen lærer deg å lage turmat og Stein P Aasheim fortel om arven etter Helge Ingstad for å nevne noko.

Både festivalen og Rauma kommune tar mål av seg for å vere verdas beste kommune å bu i for naturglade menneske.

Dersom du kjem deg opp på sju av dei høgaste og mektigaste tindane i Romsdalen og legg fram bilete av deg sjølv på alle toppane kan du også bli kalla Fjellkonge eller Fjelldronning. Så langt er det under 50 personar i Noreg som har gått alle fjella og fått heiderstittelen. Tindane er: Romsdalshorn (1550 moh), Store Vengetind (1852 moh), Store Trolltind (1788 moh), Kvanndalstind (1744 moh), Gjuratind (1712 moh), Kongen (1614 moh), Dronninga (1544 moh).

Festivalen:

LNK.no kikkar på nokre av festivalane som finn stad i LNK-kommunane. Her finn du meir festivalstoff.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...