Heim Nyhende Pasientar frå små kommunar kjem fortare heim

Pasientar frå små kommunar kjem fortare heim

Statistikk frå Helsedirektoratet viser at pasientar frå små kommunar kjem raskare heim frå sjukehus enn pasientar i større kommunar.

Samhandlingsreforma tredde i kraft 1. januar i år, mellom anna med det formål å gi kommunane fleire oppgåver og ressursar, og at helsetenester skal flyttast nærare der folk bur, skriv Nationen.

Tala frå Helsedirektoratet for første tertial 2012 viser at talet liggjedøgn for utskrivingsklare pasientar ved norske sjukehus er halvert, samanlikna med tal frå første tertial i fjor.

Vidare kjem det fram at kommunar med under 2000 innbyggjarar tar pasientane sine heim frå sjukhus eitt døgn tidlegare enn kommunar som har 50.000 innbyggjarar eller meir.

Nestleiar i helse- og omsorgskomiteen Kjersti Toppe (Sp) er ifølgje avisa ikkje overraska over dette, men synest likevel det er vanskeleg å konstatere at små kommunar er betre rusta for reforma.

– Det nyttar ikkje å berre ha tal på kor mange som dreg ut og inn av sjukehus, det som er interessant er å finne ut korleis helsetilbodet blir for pasientane. Kvar blir dei av når dei blir skrivne ut? spør Toppe, og etterlyser statistikk på dette, fortel Nationen. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...