Heim Nyhende Poetisk tenking på Olav H. Hauge-senteret

Poetisk tenking på Olav H. Hauge-senteret

Den 9. og 10. november inviterer Hauge-senteret til seminaret Poetisk tenking og diktarrolla: tysk poesi og Olav H. Hauge.

 

Lyrikkseminaret vil ta opp ulike sider ved Hauges lyrikk i tilknyting til poetar som Novalis, Hölderlin og Celan, og norske samtidspoetar som Kjartan Hatløy og Jon Fosse.

Blant innleiarane er professor i nordisk og Hauge-kjennar Ole Karlsen frå Høgskulen i Hedmark. Førsteamanuensis Torgeir Skorgen reknast som ein av dei fremste Hölderlin- kjennarane i Noreg. Vestfrå kjem også dei framifrå lyrikkformidlarane Eirik Vassenden og Jørgen Sejersted, begge professorar ved Universitetet i Bergen. Heile tolv ulike innleiarar vil utforska sambandet mellom dikting og tenking desse dagane i Ulvik. Seminaret er ope for alle med interesse for lyrikk og lyrikkformidling.

Seminaret «Poetisk tenking og diktarrolla» skal vere eit lyrikkfagleg og kunnskapsproduserande forum som bidreg til auka interesse og fagleg innsikt i lyrikkens rolle og diktarens posisjon i samfunnet. Poeten si ideologiske rolle i offentleg debatt vil også bli tematisert. – Olav H. Hauge-senteret ynskjer å styrka lyrikkens rolle i norsk offentlegheit. Me vil fremja debatt om dei ulike rollene lyrikken har hatt og har, og ikkje minst kva lyrikkens rolle bør vera i vår eiga samtid, seier dagleg leiar Geir Netland ved Hauge-senteret om seminaret.

Hauge-senteret i Ulvik, Hardanger, er eit dokumentasjons- og formidlingssenter om Olav H. Hauge og lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser. Som det einaste lyrikksenteret i landet er det ei viktig oppgåve å driva kunnskapsformidling om lyrikk og poesi.

Heile programmet ligg på Haugesenteret.no.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...