Heim Nyhende Pressemelding: - Lokalaviser viktige for språkleg identitet

Pressemelding: – Lokalaviser viktige for språkleg identitet

Avtroppande styreleiar i LNK, Jan Magne Dahle, peika på den viktige rolla lokalavisene har for det nynorske språket i sin siste leiartale på Sand i Suldal.

 

– Slik eg ser det, har lokalavisene spelt ei avgjerande rolle i danninga av språkleg identitet hos generasjonar av skuleelevar, sa han til dei rundt 100 frammøtte på landstinget til Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK).

 

Dahle la vekt på at skulen og norskfaget også er ein viktig arena for å byggje språkleg identitet. Diskusjonane om målformene i norskfaget uroar Dahle.

– Det hastar med å finne gode tiltak som kan gjere norskfaget med målformene nynorsk og bokmål til eit fag som har prestisje, og der det gjev status å kunne skrive godt og korrekt norsk uansett målform, meinte LNK-styreleiaren.

– Dessutan, og det er det viktigaste: Ei endring i retning av frie val når det gjeld krav til kompetanse i begge målformer i grunnskulen og i studieretningar som kvalifiserer til våre høgste utdanningar, kan raskt endre statusen til det nynorske skriftspråket frå å vere eit nasjonalspråk til å bli eit reservatspråk, heldt han fram.

Kva har så organisasjonen LNK gjort for å gjere det lettare å vere nynorskbrukar, spurde Jan Magne Dahle i leiartalen.

– Svaret er mellom anna at vi også produserer mykje tekst. Dels er denne teksten i blad- eller magasinformat, men det meste er nettbasert. Vi har sett det slik at om ikkje nynorsken blir synleg på nett, så vil målforma ha vanskeleg for å overleve som nasjonalt språk, var svaret han gav.

Jan Magne Dahle har vore styreleiar for LNK i åtte år.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...