Heim Nyhende Pressemelding: Staten må ta ansvar

Pressemelding: Staten må ta ansvar

Pressemelding: – Staten må ta ansvar.

Ein kommentar frå Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) til oppslaget om nynorsk for innvandrarar på morgonsendinga til NRK fredag 12.02.10.

http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/608903 (18.45 minutt ut i programmet)

– LNK har i mange år på ulike måtar pressa på for å få staten til å ta eit større og direkte ansvar for å få arbeidd ut læremiddel på nynorsk for innvandrarar. Staten har på si side gjeve det praktiske ansvaret til Vox som vi samarbeider med om å få omarbeidd gode læremiddel på bokmål til nynorsk, få trykt ordbøker på fleire språk og få lest inn på cd standard nynorsk tale det som er i trykte læremiddel. Vi har fått utretta ein del, men det klart at det står uhorveleg mykje att når forholdet mellom målformene er som ein til tjue, seier styreleiar i LNK, Jan Magne Dahle.

– Her er to forhold: på den eine sida mange års forsømingar frå staten si side når det gjeld å sjå til at det verkeleg blir produsert læremiddel på nynorsk i norskopplæringa for innvandrarar. Det gjeld ordbøker på svært mange språk, lesebøker, grammatikkar, cd-ar osb. Eg meiner å ha registrert at det finst tjue gonger så mykje opplæringsmateriell for flyktningar og innvandrarar på bokmål som på nynorsk. Etter mitt syn ville det ha vore ein stor fordel om ein hadde ein tilsvarande regel som for grunnskule og vidaregåande skule at alt læremateriell skulle vere tilgjengeleg til same tid og same pris på bokmål og nynorsk, meiner Dahle.

Han legg også vekt på at læreverket NorskPluss er såpass komplett at dei lærarane og kommunane som ønskjer at norskundervisninga skal vere på nynorsk, kan gjere det med godt samvit. Jan Magne Dahle meiner rådmenn og kommunestyre her må ta ansvar og vedta endringar.

– Det kan kjennast tungt å skifte undervisningsmålform for lærarar som i mange år har basert seg på eit godt utval av undervisnigsmateriell på bokmål, til noko som ikkje er så variert, men som likevel er tilfredstillande. LNK registrerer også at det i somme nynorskkommunar er folk som har ansvar for tilrettelegging av undervisning som argumenterer med at flyktningar og innvandrarar er best tente med å lære bokmål. Skal LNK lykkast med å få til ein god variasjon i læremiddel på nynorsk for desse gruppene, er det viktig at desse læremidla blir tekne i bruk, seier Jan Magne Dahle.

For meir informasjon, ta kontakt med

styreleiar i LNK,

Jan Magne Dahle

97 15 76 80

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...