Heim Nyhende Presterer betre

Presterer betre

Norske ungdommar er blitt flinkare i lesing, matematikk og naturfag. Det viser PISA-undersøkinga for 2009 som vart lagt fram i dag.

Talet på elevar som presterer svakt er no blitt lågare. Samstundes er også talet på dei som presterer på dei høgaste nivåa redusert.

Det er fjerde gong Noreg deltek i undersøkinga som måler kva kompetanse 15-åringar har i i lesing, matematikk og naturfag. Sist gong, i 2006, var norske elevar under gjennomsnittet i alle fagområda.

– PISA 2009 stadfester det vi har sett i andre internasjonale studium, nemlig at den negative trenden er i ferd med å snu. Norsk skule har hatt eit kraftig trykk på grunnleggjande ferdigheiter og tidleg innsats mot dei svakaste elevane. Studien tyder på at satsinga gir resultat. No er det viktig at det gode arbeidet i skulen held fram, seier direktør i Utdanningsdirektoratet Petter Skarheim i ei pressemelding i dag.

I alle dei nordiske landa skårar jenter monaleg høgare enn gutar i lesing, ein skilnad som ser ut til å auke i mange land.

Felles for alle landa som er med i undersøkinga er òg at heimebakgrunnen til elevane speler ein rolle for resultatet, men for Noreg er denne effekten noko lågare enn andre land i OECD.

Elevar frå urbane strøk prestere ifølgje undersøkinga betre enn elevar i rurale strøk. Her er skilnaden større for Noreg enn for gjennsomnittet.

PISA
er eit internasjonalt prosjekt i regi av OECD (Organisation for economic cooperation and development). PISA måler 15-åringar sin kompetanse i lesing, matematikk og naturfag.

Kjelde: PISA

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...

Kvam herad er kåra til årets nynorskkommune 2024

Kvam herad vart i dag, måndag 21. oktober, kåra til årets nynorskkommune 2024. Kvam herad har fått prisen for: «sitt språklege medvit, for sin aktive...