Heim Nyhende Prøvebu på landet

Prøvebu på landet

Vest-Telemark vil la tilflyttarar prøvebu i eigne bustader for å sjekke om dei trivst på landet.

 

Ideen med ein prøvebustad er å minske risikoen ved å flytte til ein ny stad, skriv Vest-Telemark Næringsutvikling på nettsida si.

Bustadene er meint som eit tilbod til folk som ynskjer å flytte til regionen, men som fyrst vil bu der ein avgrensa periode for å sjekke ut om dei trivst, for så å kjøpe eller byggje eigen bustad.

Prøvebustadene skal liggje i nærleiken av sentrale institusjonar som skule, barnehage, grendehus og butikk. Målet med dette er å leggje til rette for at dei som prøvebur raskt skal bli integrerte i det sosiale nettverket på staden, slik at sjansen for at dei blir verande aukar.

Den fyrste, og til no einaste, prøvebustaden i Vest-Telemark vart bygd i Øyfjell i Vinje, og var innflyttingsklar til skulestart 2010. Dei kommunane som no vurderer prøvebustader, er Seljord, Kviteseid og Hjartdal.

Målgruppa er unge etableringsklare familiar som ynskjer seg ut av byen. Prosjektet er unikt både nasjonalt og internasjonalt, ifølgje nettsida. (NPK)

 

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...