Heim Nyhende "Elskar " nynorsk på Facebook

“Elskar ” nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

Mange av søkjarane til Nynorsk Mediesenter skriv i søknaden at dei har nynorsk som hovudmål, likvel skriv mange av dei bokmål på Facebook og Twitter.

– Slik skriv også folk frå tjukkaste “nynorskland”, det er ikkje lenger spesielt for dei som openbert er mest opptekne av å kome seg inn i NRK. Å skrive bokmål på sosiale media og “elske” det i søknaden er ikkje eit sjakktrekk for å kome inn på NRK Nynorsk mediesenter, heller tvert om. At ikkje folk skjønar det har eg vanskeleg for å forstå, skriv Øvrebotten på bloggen sin.

– Det undrar meg meir og meir kor lite folk tenkjer på at det dei skriv og legg ut på sosiale media vert lese av folk dei søkjer jobb hjå. Og at det ikkje nyttar å pynte søknaden når “røyndommen” på Fjesboka riv ned alt, og i vårt tilfelle også avslører at det ikkje er så nøye om dei skriv bokmål eller nynorsk.

Ho legg vekt på at Nynorsk Mediesenter leitar etter folk med språkleg ryggrad til å tole det presset og haldningane nynorsken er utsett for, både i arbeidslivet og privat.

– Språket kan ikkje vere likegyldig for dei, dei må stå ved det og orke alt det ekstraarbeidet det kan medføre å vere nynorskbrukar – både i media og elles. At nynorskbrukarar kan skrive både nynorsk og bokmål held vi for sjølvsagt, det skal dei ha lært på skulen, held ho fram.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...