Heim Nyhende Regjeringa rører ikkje fylkeskommunen

Regjeringa rører ikkje fylkeskommunen

Trass i at både Høgre og Frp har programfesta å leggje ned fylkeskommunen, skal han ikkje rørast i den komande kommunereforma.

Statssekretær Jardar Jensen seier til Kommunal Rapport at fylkeskommunen ikkje blir fjerna i denne perioden, og det blir heller ikkje føreslått å slå saman fylkeskommunar.

– Eg er Høgre-mann og ønskjer å fjerne fylkeskommunen. Men eg er også realist og ser at det ikkje er fleirtal i Stortinget, seier Jensen til bladet.

Statssekretæren påpeikar at den noverande regjeringa ikkje kjem til å overføre nye statlege oppgåver til fylkeskommunane. Han avslører samtidig at kommunereforma ikkje skal tvinge motvillige kommunar til å slå seg saman.

– Vi vil ikkje bruke tvang. Dei kommunane som ikkje vil vere med på denne reforma, bryr vi oss ikkje om i første omgang. Vi konsentrerer oss om dei som tek ansvar på vegner av framtidige innbyggjarar, seier Jensen til Kommunal Rapport. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...