Heim Nyhende Profilerte hallingambassadørar

Profilerte hallingambassadørar

Nyleg lanserte Hallingdal ein ny profil for regionen. I prosjektet Hallingdal 2020 har dei også knytt til seg 13 profilerte ungdommar til å vere hallingambassadørar.


Dei seks kommunane i Hallingdal har gått saman om eit felles bulyst-prosjekt der dei satsar fram mot 2020. Målet er i følgje prosjektleiar Ulrikke Ytteborg at ein skal styrke samhaldet i regionen, og saman skape ein attraktiv region både å bu og arbeide i. Prosjektet satsar på tre spesielle målgrupper, unge hallingar som dei ynskjer skal flytte heim igjen, dei som har hytte i regionen og kvinne28 år, som er klar for å velje seg ein stad for etablering.

– Det er få som veljer å dagpendele ut av regionen. Me må derfor legge til rette både for attraktive buplassar og varierte arbeidsplassar. I Hallingdal er ein blitt flinkare til å sjå dei seks kommunane under eitt når me tenkjer både bustad og arbeid, seier Ytteborg som viser til at ei av dei største utfordringa ofte er å finne spanande arbeidsplassar til begge foreldra i ein familie. Derfor er det viktig å tenkje på tvers av kommunegrenser.

Må sikre arbeidskraft
I prosjektet er det blitt utvikla ein eigen ressursbase på nett der personar som er interesserte i å bu og arbeide i Hallingdal kan registrere seg. Slik skal ein prøve å finne gode koblingar mellom dei somsøkjer arbeid og næringslivet i regionen.

– Det nyttar ikkje å ta skippertak i dette arbeidet, her må me ligge langt framme heile tida, slår Knut Arne Gurigard fast. Prosjektet blir drive av Regionrådet for Hallingdal og dagleg leiar Gurigard ser med glede at regionen samla sett, dei siste ti åra, har hatt ei positiv folketalsutvikling, noko han trur blant anna har samanheng med det strategiske arbeidet rundt omdømmebygging, rekruttering og bulyst.

– Den største utfordringa vår er å sikre rekruttering av arbeidskraft. Me har hatt ein god del arbeidsinnvandring dei siste åra som også har påverka folketalsutviklinga, framover blir det ikkje minst viktig å få utflytta hallingar heim igjen, seier han og legg vekt på at det difor blir viktig å satse på ungdommane medan dei bur i regionen.

– Dersom dei har eit positivt inntrykk av Hallingdal då dei reiser ut, kjem dei lettare heim igjen.

Eit tiltak i satsinga har vore etableing av eit felles ungdomsråd for dei seks kommunane. Hallingdal ungdomsråd har møte kvar månad og arrangerer årleg ein ungdomskonferanse for alle ungdomsråda i Hallingdal. I år har dei sjølve bedt om at bulyst må vere tema.

– Det viser at arbeidet vårt engasjerar ungdommen, meiner prosjektleiar Ytteborg.

Ung marknadsføring
Før jul lanserte regionen ein ny profil for Hallingdal og med eige uttrykk for hallingambassadørane, «ekta Halling». Ytteborg meiner lokalbefolkninga har engasjert seg i omdømmearbeidet og har eit eigarskap til prosjektet.

– Då me lanserte nytt grafisk uttrykk var det tydeleg at mange hadde venta på det, og var spente på resultatet . Dei visste me hadde arbeidd med dette over lang tid.

I tillegg vart 13 profilerte ungdommar utnemnde til hallingambassadørar. Dei har alle utmerka seg innan idrett og kultur.

Prosjektleiar Ulrikke Ytteborg. Foto: Privat– Hallingdal har åtte OL-deltakarar som kjem herifrå, fem av desse er hallingambassadørar, seier Gurigard.

Ungdommane skal vere gode ambassadørar, stille opp i marknadsføring av regionen og vere gode førebilete. Som ei påskjønning mottar dei 25.000 kroner i året i to år.

Skøyteløpar Henrik Fagerli Rukke (17) frå Hol er ein av ambassadørane.

– Den beste måten eg kan reklamere for Hallingdal på er å gå fort på skøyter, uttalte han til lokalavisa Hallingdølen for ei stund sidan.

Bulyst og blilyst
– Me snakkar ikkje berre om bulyst, men om blilyst, seier Gurigard.

– Dei som flyttar inn til regionen utan nokre relasjonar kan også flytte raskt utigjen.

Prosjektleiar Ytteborg er sjølv ekte Oslo-jente og flytta til Hallingdal for 10 år sidan.

– Den bakgrunnen trur eg er verdifull i denne jobben, det er sunt at nokon ser på regionen med friske auger. Eg trør sikkert ofte i salaten sidan eg ikkje kjenner heile historia her.

– Kva råd har du til andre kommunar og regionar som ynskjer å satse på omdømmeprosjekt?

– Det er lurt å finne eldsjelene som verkeleg brenn for dette, det er mykje arbeid og ein må vere på heile tida. Ein kan ikkje skru av når ein går på butikken, ein er i prosjektet heile dagen. Men så er det jo veldig kjekt når det lukkast, meiner Ytteborg.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...