Heim Nyhende Vil ha fire kommunar i Møre og Romsdal

Vil ha fire kommunar i Møre og Romsdal

Fylkesplansjefen meiner at det neppe er rom for meir enn fire eller fem kommunar i Møre og Romsdal om ein skal ta signala frå regjeringa på alvor.


Fylkesplansjef Ole Helge Haugen i Møre og Romsdal fylkeskommune vågar ikkje spekulera i når kommunesamanslåing kan bli ein realitet, men han trur at det vil bli fire kommunar i Møre og Romsdal i framtida.

– Dersom ein skal oppfylle målet i regjeringa sin varsla kommunerevisjon og erstatte dagens kommunar med nye, robuste kommunar, er fire kommunar den beste løysinga, seier Haugen til NRK Møre og Romsdal.

Dei fire kommunane han ser føre seg vil vere:
– Eiksund kommune med dagens Vanylven, Volda, Ørsta, Hareid, Ulstein, Herøy og Sande.
– Ålesund kommune med dagens Stranda, Norddal, Stordal, Ørskog, Sykkylven, Sula, Skodje, Ålesund, Haram, Giske og Sandøy.
– Molde kommune med dagens Vestnes, Rauma, Nesset, Molde, Midsund, Aukra, Fræna og Eide.
– Kristiansund kommune med dagens Sunndal, Gjemnes, Rindal, Halsa, Tingvoll, Kristiansund, Averøy, Aure og Smøla.

Dei nye storkommunane vil få mellom 45.000 og 90.000 innbyggjarar.

– Å konstruere kommunar med til dømes 20.000 innbyggjarar er vanskeleg, då vert det anten 10.000 eller 40.000 innbyggjarar. Og 10.000 er for lite. 40.000 er minimum dersom vi skal gjennomføra reforma slik ho no ser ut med overføringar frå fylkeskommunane og staten til dei framtidige kommunane, seier Haugen til NRK.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...