Heim Nyhende Vil selje klede, ikkje klær

Vil selje klede, ikkje klær

Wenche Haugen Havrevoll ser mange utfordringar med å drive nettbutikk på nynorsk. Likevel skriv ho tøflar, og ikkje tøfler i produktskildringa.

 

Haugen Havrevoll driv butikken All verdas gåver og bruksting. Butikken kan ein finne fysisk på Nesflaten i Suldal kommune, i tillegg er han å finne som nettbutikk.

 

– Det er både utfordringar og fordeler med å drive nettbutikk på nynorsk. Dei aller fleste som søkjer på nett, brukar bokmål, dei veit at dei får fleire treff då. Det gjer at slike butikkar som min blir vanskelege å finne, seier Haugen Havrevoll.

Det er mengda trafikk som generer treff i søkemotorar som Google, dersom aktiviteten aukar vil det også bli lettare å finne nettbutikken eller nettsida igjen i eit Google – søk.

– Det er vanskeleg når til og med nynorskfolk brukar bokmål når dei søkjer på nett. Dei veit dei får fleire treff då, detblir lettvint. Det er viktig at me som er glade i nynorsken og i språk generelt tar eit ansvar her.

Populære produkt
Haugen Havrevoll sel Fair Trade – produkt i butikken, både korger frå Ghana, englar frå Sør-Afrika og neslebrikker frå Himalaya er populære produkt. Ho har blant anna fått fagfolk i Nepal til å kopiere eit gamalt sjal som har tilhøyrt oldemor hennar. No blir den nye versjonen av sjalet selt både i butikken på Nesflaten og i nettbutikken.

– Eg har litt av det meste kan du seie. Mange blir overraska over at produktutvalet er så stort.

– Dei nettbutikkane som har kjende merke, får meir trafikk. For meg blir det annleis, eg har ikkje kjende merke.

Handlaga produkt frå fattige land har stort sett ikkje det. Ein må søkja på namnet på produktet.

Eit unnatak gjer ho uansett.

– Mange har eit medvite forhold til omgrepet fair trade. Derfor brukar eg det på engelsk i staden for rettferdig handel, som det heiter på norsk.

– Namnet på butikken, Allverdas , er ikkje så enkelt å hugse, ikkje for bokmålsfolk i alle fall. Difor fann eg E ut at eg måtte kjøpe domenet på bokmål også. Begge namna fører rett inn i butikken.

Vil ikkje bruke bokmål
Korgene frå Ghana er noko av det mest populære ho har i butikken sin.

– Problemet er berre at folk søkjer på kurv, og ikkje på korg. Dersom du søkjer på korg i dag får du opp ei japansk bedrift som produserer elektriske musikkinstrument. Og dersom dei søkjer på kurv kjem butikken min langt nede på lista.

Butikkeigaren som no kjem til å seie opp lærarjobben ved den lokale skulen for å drive butikken på heiltid, har aldri tenkt på at det er eit alternativ å bruke bokmålsord i teksten for å få fleire treff.

– Nei, det hadde blitt ei haltande greie. Det handlar jo om me ynskjer at nynorsk skal overleve som nettspråk, slår ho fast.

– Det er eit medvite val at eg berre brukar nynorsk. I tillegg bur eg på landsbygda, og det er lang veg til alt eg skal på.

Den fysiske butikken ligg ikkje attmed hovudvegen, og sjølv om eg har fått opp gode skit, kan ein ikkje sjå butikken om ein køyrer forbi. Nettbutikken er derfor viktig for handelen.

– Eg tar til og med nokre språkval som kanskje gjer søkinga på butikken vanskelegare. Tøflar er korrekt nynorsk, eg kunne tatt meg ein fridom her og skrive tøfler, men det vil eg ikkje. Og i staden for å skrive lys, skriv eg ljos. Det er jo lov å skrive begge deler på nynorsk, då kan det sikkert virke rart at eg vel den forma som truleg er den vanskelegaste å finne, seier Haugen Havrevoll og viser til at identitet og den sterke kjærleiken til språk og nynorsk ligg bak vala.

I tillegg til privatmarknaden satsar ho sterkt på bedriftsmarknaden .

– Nynorsk er dødsdømt
– Tala er tydelege, produktskildring på bokmål er betre , det gir fleire treff på nett, seier Nina Furu som er partner i Webgruppen. Ho driv Nettredaktørskolen og har 20 år med erfaring frå feltet.

Ho meiner det derimot går an å bruke nynorsk dersom ein rettar seg mot nynorskmarknaden og tenkjer ein langsiktig strategi. Likevel er det utfordringar i å treffe nynorskmarknaden også.

– Me ser også at nynorskfolk søkjer på bokmål bevisst, for dei veit at dei får fleire resultat der. I mange tilfelle er det ikkje forskjell heller, mange av orda våre kan ein jo skrive likt på begge språk, meiner Furu.

Ho er ikkje i tvil om at sal og inntening truleg er meir drivande verdiar for dei fleste bedrifter enn kva språk dei brukar.

– Kva trur du vil skje med nynorsken?

– Heilt ærleg meiner eg at nynorsk er dødsdømt, det fungerer ikkje på nett, fordi nettet handlar om å tilpassa seg brukar. Då blir det eit spørsmål om å finne dei orda som flest brukar.

– Har du jobba med kundar der dette er ei utfordring?

– Eg har iallfall jobba med ein del folkehøgskular som treng parallelle språkversjonar av sidene sine, for å sikre seg at dei elevane som ikkje brukar nynorsk også finn fram til skulen og tilbodet dei har.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...