Heim Nyhende Riksarkivaren seier nei sky-arkiv i utlandet

Riksarkivaren seier nei sky-arkiv i utlandet

Riksarkivet åtvarar kommunar som vil spare pengar, mot å slå til på lokkande tilbod om sky-lagring frå utanlandske selskap.

 

Det kan vere ei billig løysing å lagre offentlege arkiv hos utanlandske skytenester, men det strir mot arkivlova. Arkivlova forbyr i klartekst å føre arkiv ut av landet, og Riksantikvaren meiner dette òg er eit forbod mot å bruke skytenester.

Arkivverket får stadig fleire meldingar frå kommunar og offentlege institusjonar som ønskjer å leggje arkiva sine til nettskya.

– Vi ser at det kan vere fordelar med å nytte skylagring. For mange er det den økonomiske gevinsten som lokkar, for andre kan det vere ein betre tryggleik mot tap av data. Men dersom ein slik avtale betyr at lagringa skjer utanfor landegrensene, er det i strid med lova, seier underdirektør Tor Anton Gaarder i Riksarkivet til NTB.

At dataa er lett tilgjengelege over internett, er ikkje eit argument for å lagre dei i utlandet, meiner Riksarkivaren. Ikkje ein gong ein tryggleikskopi av arkivet kan vere utanfor landegrensene.

Gaarder seier at noko av problemet i dag er at det ikkje eksisterer reglar eller kriterium om rett forvaltning av arkiv. I prinsippet har alle norske kommunar eitt eller fleire arkiv som er omfatta av arkivlova. Det same gjeld mange andre offentlege institusjonar. Arkivlova er rettesnora for slikt, men ho er frå 1992 og tar ikkje stilling til fleire av moglegheitene – og dilemmaene – som finst i dag for den som er sett til å forvalte slike arkiv. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...