Heim Nyhende Ristar nytt liv i orda

Ristar nytt liv i orda

Kristin Fridtun er ei kjend stemme for Dag og Tid sine lesarar. No har ho leikt seg med kvardagsorda våre i boka Norsk etymologisk oppkok.

Det byrja litt tilfeldig, seier ho: Fordi ho sleit litt med å finne noko å skrive om i avisa, byrja ho å leite litt i ordboka etter ord.

– Eg fann for eksempel ordet fot og bruken av det i fraser som kaka fekk føter å gå på. Slik såg eg lyset.

Nytt liv i orda

Og slik vart boka til. Det handlar om å ta vanlege ord som folk trur ikkje er noko vidare spennande, riste liv i dei og sjå nærmare på bruksområda, fortel Fridtun.

Og det finst mange ord å ta av, så ho blir nok ikkje ferdig med det første, meiner ho.

Arbeidsmetoden består stort sett i å tråle ordbøker, aller helst nynorsk ordbok, etter ord som har ein litt merkeleg bruk, og så er ho i gang. Som eit døme på eit ord som kanskje betyr noko anna enn det vi har tenkt på, trekkjer ho fram ordet bonde.

– Ordet stammar frå ordet búa som frå gammalt av betyr ein buande. Og det vil vel seie at vi alle er bønder, ler Fridtun.

Sjekkar med Aasen

Trass i den leikne tilnærminga ho har til kvardagsspråket, så er språk ei alvorleg sak for forfattaren. Ho er oppvaksen på Elverum, med bokmål som skriftspråk og ei dialekt som gjekk frå breitt flatbygdmål til plant bokmål opp gjennom skuleåra. Men i 18-årsalderen oppdaga ho nynorsken, og det skulle bli hennar store prosjekt.

No snakkar ho om Ivar Aasen med stor varme og respekt, og ho har pålagt seg sjølv eit munnleg språkregime som inneber å ta i bruk gamle talemåtar frå flatbygda att. Men der ho ikkje lenger finn orda i dialekta si, der brukar ho nynorsk.

– Då seier eg heller medvit enn bevissthet, seier ho og meiner alle burde tenkje meir på å bruke nynorsk i talemålet. Sjølv har ho ein grei leveregel viss ho er i tvil om kva ho ord ho skal bruke: – Då sjekkar eg kva Ivar Aasen ville ha gjort.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...