Heim Nyhende Ros til Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ros til Sogn og Fjordane fylkeskommune

Noregs Mållag rosar fylkeskommunen for å invitere kulturministeren til eit språkpolitisk møte.

Som LNK.no tidlegare har meldt har fylkesordførar Åshild Kjelsnes på vegner av Sogn og Fjordane fylkeskommune invitert kulturminister Thorhild Widvey til Sogn og Fjordane for eit språkpolitisk møte. Målsetnaden er at statsråden skal verte kjend med nynorskfylket og at vitjinga kan vere til inspirasjon i det vidare arbeidet med å styrkje, synleggjere og drøfte stoda for det nynorske skrift-språket og styrkje nynorsken sin posisjon.

– Noregs Mållag set stor pris på dette initiativet. Det er viktig at kulturministeren får høve til å sjå korleis nynorsken ser ut, sett frå Sogn og Fjordane. Her er nynorsk majoritetsspråket og har styrkt seg dei siste tjue åra. Både mållov og obligatorisk sidemålsundervisning i heile landet har medverka til at stoda er som ho er i dag i fylket. I dag er den jamne innbyggjaren i Sogn og Fjordane stolt av eige språk, og det er viktig at Sogn og Fjordane tek på seg leiartrøya i arbeidet for nynorsk, heiter det i ei fråsegn frå Noregs Mållag.

– Kulturminister Thorhild Widvey er sentral i utviklinga av norsk språkpolitikk, og både styrken til og utfordringane for nynorsk som bruksspråk er viktige å få fram, legg Mållaget til.

Noregs Mållag opplever at Sogn og Fjordane fylkeskommune tek framtida for det nynorske skrift-språket på alvor. Særleg gjennom den språkpolitiske satsinga i fylkestinget med etablering av eit nynorsk forum for å styrkje nynorsken sin posisjon – der både private og offentlege aktørar er rep-resenterte.

Noregs Mållag ynskjer å oppmode andre fylke om å diskutere stoda for nynorsken i eige fylke, og å diskutere med sentrale styresmakter kva utfordringar ein har for å halde oppe nynorskbruken.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...