Audhild Gregoriusdotter Rotevatn blir ny dagleg leiar i Allkunne.
– Eg ser dette som ein unik sjanse til å vere med på eit digitalt kulturpolitisk kunnskapsløft for nynorsken. Målsetjinga mi er at Allkunne på sikt skal verte Noregs beste kunnskapsbase på Internett, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn i ei pressemelding.
Allkunne er eit nynorsk digitalt oppslagsverk som er gratis tilgjengeleg på nettet. I dag innheld nettstaden omlag 1000 artiklar, som alle handlar om nynorske kuturområde. På sikt skal dette bli eit fullverdig, allment oppslagsverk.
– Eg reiser no attende til min kulturelle heim, og ser fram til å jobbe med ein dyktig redaksjon og resten av dei tilsette i Nynorsk kultursentrum og Det Norske Samlaget, seier Rotevatn som i dag arbeider som kommunikasjonsrådgjevar i selskapet I&M Kommunikasjon i Ålesund.