Heim Nyhende Satsar på kurs

Satsar på kurs

Med knapt fleirtal gjekk formannskapet i Hjelmeland kommune mot forslaget frå rådmann Øyvind Bergøy om å lempe på nynorskkravet til tilsette i kommunen.

 

Formannskapet i Hjelmeland kommune stemte ned forslaget frå rådmannen med fem mot fire stemmer. I innstillinga la Bergøy vekt på at nynorsk framleis skulle vere administrasjonsspråket i kommunen, men at ein ville opne for å lempe på kravet i dei tilfella der det var naturleg. Men det ville altså ikkje politikarane.

– Resultatet er ok. Dette var ikkje noko fanesak for meg, men eit forsøk på ei lita kvardagsrasjonalisering. Politikarane takka nei til denne, me krev nok i neste sving rasjonalisering og effektivisering i administrasjonen, seier Øyvind Bergøy til lnk.no.

– Utfordringa framover, som også før, blir å setje av tid for meg og andre nynorskkunnige til å «vaska» produkta frå dei ukunnige før utsending og ekspedering. Vidare vil det nok framleis skje glippar, der ting som ikkje er bra nok når det gjeld språkdrakt likevel kjem ut. Eg meiner det er betre med godt bokmål enn med vonlaust dårleg nynorsk. Endeleg må me nok setje av ressursar, tid og pengar, til opprusting av personar som treng det i denne samanheng. Kursing er stikkordet her.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...