Nynorsksenteret fyller ti år, og markerer dagen med nynorskkonferanse i oktober.
Det melder Nynorsksenteret i ei pressemelding. 21. og 22. oktober skal det haldast ein stor nynorskkonferanse i Bergen. Der skal nynorskopplæringa – både som hovudmål og sidemål – setjast i ein større samanheng. Målet er å inspirera, skriv Nynorsksenteret.
Dei inviterer alle som arbeider med nynorsk i opplæringa, på alle nivå frå barnehage til vidaregåande. Gjennom dei to dagane blir det fleire seminar frå fagfolk som litteraturvitar Svein Slettan, skriveforskarane Synnøve Matre og Kjell Lars Berge, Eli Bjørhusdal, Toril Opsahl og Trude Hoel.
I tillegg deler lærarar eigne erfaringar, og det blir bokprat med forfattar Rune Belsvik.