Heim Nyhende Miss Marple for første gong på nynorsk

Miss Marple for første gong på nynorsk

– Ein høyres jo litt penare ut når ein pratar, enn når ein snøvlar seg fram på bokmål, seier regissøren av den første framsyninga av Agatha Christie på nynorsk

 

For første gong blir ein krim av Agatha Christie sett opp på nynorsk. Men utanom det talte målet på scena, er det meste som dei pleier i Christie-universet.

– Me har ei ganske ung Miss Marple. Det er kanskje det største ein vil legga merke til. Dei blir sminka litt, men du skjønnar at ho ikkje er 70. Elles føler eg me held på Christie si ånd, med det engelske og elegante, fortel Fredrik Elfstrand, regissør for stykket.

Stykket som blir oppsett er «Eit annonsert mord» – eller «A Murder Is Announced», som det heiter på originalspråket. Det er Teaterlaget i Bondeungdomslaget i Oslo som set opp framsyninga.

– Det handlar om eit hus som heiter Little Paddox i ein liten landsby i England, der det bur ei eldre dame som har tatt til seg fleire ulike folk. Ein dag står det i ei annonse i avisa at det skal skje eit mord i dette huset, klokka 7. Det vekkjer interessa til dei som bur i landsbyen, og dei som bur i huset, fortel Elfstrand om handlinga i skodespelet.

Det heile er klassisk Agatha Christie, og klassisk Miss Marple. Marple sjølv bur i eit av nabohusa, og kjem etter kvart innom. Etter kvart kjem det fram fleire avsløringar i stykket – leigetakarane er ikkje dei dei utgir seg for å vera, og det er mykje lureri.

– Så løyser Miss Marple saka til slutt, legg Elfstrand til, og flirer.

LES OGSÅ: Stuttreiste mord frå Lom

Det er to sett med skodespelarar og framsyningar av «Eit annonsert mord». I settet som øver den dagen Framtida.no er innom, er Margrethe Kollerud i hovudrolla som ein ganske ung Miss Marple.

– Eg tykkjer det har vore ei spanande rolle å gå laus på. Miss Marple er ei dame eg aldri blir heilt klok på. Ho er veldig kul, det har vore gøy å prøva å tolka ho, seier Kollerud.

Blant utfordringane med eit stykke som «Eit annonsert mord» er enorme mengder dialog. Det einaste som står igjen kort tid før premieren er å vera heilt sikker på at all dialogen er på plass.

– Eg kan det i utgangspunktet, så må ein berre vera skjerpa heile tida for å få timinga til å sitta, og ikkje blir satt ut av publikum, svarar Kollerud på spørsmålet om ho er heilt klar.

Ekstra utfordring
Med nokre unntak er dei fleste i Teaterlaget bokmålsbrukarar, fortel regissøren – då følgjer det med utfordringar i å setja opp Agatha Christie på nynorsk.

– Det blir ein viss distanse, fordi dei ikkje snakkar slik til vanleg. Men mange her har vore med i laget lenge, og lever litt for det. For dei har det blitt meir vanleg. Eit medlem har vore med sidan 70-talet, og fleire i 10-15 år.

Margrethe Kollerud kjenner på det ekstra presset som kjem med å framføra på nynorsk.

– Absolutt – det blir nesten dobbel jobb, spesielt sidan eg ikkje har brukt det sidan vidaregåande. Det er ting eg framleis slit med, og når ein ikkje kan ta det frå hovudet blir ein litt meir avhengig av å kunne replikkane, det er vanskelegare å improvisera om ein ikkje meistrar nynorsken, seier skodespelaren.

Det er ikkje berre improvisasjonsevna som blir endra av å gjera Christie på nynorsk.

– Replikkane blir jo mykje det same som dei ville vore på bokmål, men det blir ei anna stemning. Det kjennest kanskje litt meir tidsriktig, i alle fall for meg som er bokmålsbrukar, seier Kollerud.

Regissøren, Fredrik Elfstrand, ser fordelane med å bruka nynorsk som scenespråk.

– Originalmanuset er jo veldig Christie-aktig, og er skrive på 40-talet. Det er veldig pent, og eg tykkjer eigentleg det gjer seg betre på nynorsk enn bokmål. Ein høyres jo litt penare ut når ein pratar, enn når ein snøvlar seg fram på bokmål, seier regissøren nøgd.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Nynorskhuset: Det nye, nynorske fyrtårnet

Denne helga opnar Nynorskhuset i Førde. Målet er rett og slett å bli eit nasjonalt kraftsentrum for språk og kultur. – Sogn og Fjordane er...

Nynorskbrukarar flest kjenner seg aksepterte og stolte – men 1 av 6 har fått negative tilbakemeldingar det siste året

Over 16 prosent av nynorskbrukarane har fått negative tilbakemeldingar for språkbruken sin det siste året. To tredjedelar av nynorskbrukarane er heilt einige i at dei...

Slutten for Ålesund som nynorskkommune: – Frykteleg synd

Ålesund har vore den største nynorskkommunen i landet sidan 2019. No vil det nyvalde fleirtalet i kommunestyret at kommunen skal bli språknøytral. Det skriv NRK...

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god...