Heim Nyhende Sametingsrådet vil ha samisk i heile Noreg

Sametingsrådet vil ha samisk i heile Noreg

Alle norske kommunar der det bur samar må få ansvar for å leggje til rette for samisk språk og språkopplæring, meiner sametingsrådet.

 

Ni kommunar har i dag eit spesielt ansvar for bevaring av det samiske språket. Eitt av verkemidla er at samisk og norsk er likestilte. Eit anna er at offentlege verksemder må kunne kommunisere på samisk.

No vil sametingsrådet, som er Sametingets regjering, leggje ned språkforvaltingsområdet. Det foreslår i staden at alle kommunar der det bur samar må leggje til rette for samisk språk og språkopplæring til alle som ønskjer det.

– Vi foreslår blant anna at alle elevar som ønskjer seg samisk opplæring skal få eit tilbod om det. Dagens ordning gir ei forskjellsbehandling mellom samar avhengig av kvar dei bur i Noreg, seier medlem av sametingsrådet Ellinor Marita Jåma til NRK.

I dag er det derimot stor mangel på lærarar som kan språket og som kan undervise i samisk. Medlem av sametingsrådet, Ellinor Marita Jåma, meiner det er realistisk å få på plass dei lærarane som trengst.

– Det er stadig fleire som lærer seg samisk, og det er fleire som ser kor viktig det er å kunne samisk, seier ho.

Dei ni kommunane der samisk og norsk er likestilte i dag er Nesseby, Tana, Karasjok, Porsanger, Kautokeino, Kåfjord, Lavangen, Tysfjord og Snåsa. (NPK)

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...