Heim Nyhende Samlaget klart for bokhausten og framtida

Samlaget klart for bokhausten og framtida

Denne veka la Samlaget fram ei haustliste forlagsdirektør Edmund Austigard sjølv skildrar som «knallsterk».

 

– Det kanskje mest gledelege er at me har forfattarar som gjer at me oppfyller lovnaden om å ha bøker i alle sjangrar. Det gjer oss til eit kraftsenter for nynorsk litteratur, seier ein fornøgd Austigard til Nynorsk pressekontor etter haustlanseringa torsdag.

Etter nokre tunge år med store omstillingsprosessar har Samlaget friskmeld seg sjølv. Forlaget har seld unna lærebok-delen av verksemda og satsa hardare på skjønnlitteratur. I fjor fekk dei driftsoverskot på forlagsverksemda for første gong sidan 2009.

Åtte nykommarar

Mellom utgjevingane denne hausten finn òg bøker frå åtte heilt ferske forfattarar. Fire er skjønnlitterære og fire er sakprosa. Mellom anna er Siri Helle, som er mest kjend for matspalta si i Dag og Tid, klar med boka Handle rett, som handlar om matvarer, berekraft og dyrevelferd.

I I kreft og kjærleik fortel Ellen Kristvik om sitt eige kjærleiksforhold som vart altfor kort fordi mannen ho forelska seg i fekk kreft og døydde, medan Gunnar Garfors fortel sjølvopplevde historier frå absolutt heile verda i 198 – mi reise til all verdas land.

Nytt frå dei gamle

I tillegg kjem det nytt frå fleire av dei meir etablerte forfattarane på Samlaget. Med Operasjon sjølvdisiplin vil Agnes Ravatn vil hjelpa oss alle til meir kontroll over kvardagen.

Aina Basso er tilbake med ein ny historisk roman, Finne ly. Her møter me Hanna, som i 1849 søkjer teneste hjå ein enkemann og sønene hans på Finnskogen. Dei har lite til overs for folk av reisande slekt, og Hanna må skjula kven ho er.

I Sju dagar i august tek Brit Bildøen oss med fram i tid, der me møter me Sofie og Otto, som stadig strevar med å takla tapet av dotter til Sofie. Ho vart offer for terroren 22. juli 2011.

Mellom dei omsette utgjevingane er det truleg Anna Gavaldas Billie flest har venta på.

LES OGSÅ: Digital storsatsing i Samlaget

Framtida er digital

No rettar forlaget blikket igjen mot born og unge, som Austigard meiner må nåast på digitale plattformer, skal dei verta gode lesehestar.

– Ting går bra. No har me òg kapasitet og overskot til å satsa på framtida – som er digital, seier forlagsdirektør Edmund Austigard til NPK.

Han meiner at dersom ein skal finne nynorsk litteratur digitalt, er det Samlaget som må ta ansvar for at det skjer.

I juni lanserte forlaget den digitale bokhylla Samlaget Barnebøker med i underkant av 50 bøker.

– Det er rett å seia at me har gjort den nynorske biletbokskatten tilgjengeleg på digitale dingsar, seier Austigard, og legg til at også ei rekkje lettlestbøker verta tilgjengelege digitalt i haust. (©NPK)

LES OGSÅ: Samlagsprisen til Leikvoll

– Det kanskje mest gledelege er at me har forfattarar som gjer at me oppfyller lovnaden om å ha bøker i alle sjangrar, sa forlagsdirektør Edmund Austigard under lanseringa av Samlagets haustliste torsdag. FOTO: Ingrid Eidsheim Daae / NPK

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...