Heim Nyhende Lovar reformstøtte også til mindre kommunar

Lovar reformstøtte også til mindre kommunar

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) går tilbake på kravet om at samanslåtte kommunar må ha fleire enn 10.000 innbyggjarar for å få reformstøtte.

 

Regjeringa legg også bort forslaget om å avvikle fylkeskommunane. Det skal med andre ord vere tre forvaltingsnivå også etter at reforma er gjennomført.

Sanner slapp nyheita under ein debatt om kommunesamanslåingar, som vart halden under Arendalsuka fredag føremiddag.

Lagt fram i mai

Då Sanner presenterte rammene for kommunereforma i mai, var eitt av verkemidla for å stimulere til større kommunar å gje ei ekstra reformstøtte på mellom 5 og 30 millionar kroner til kommunar som fekk eit innbyggjartal på minst 10.000.

Men no snur Sanner som følgje av reaksjonane frå dei andre partia.

– Vi har lagt fram gode økonomiske verkemiddel. Eingongsstøtta ligg fast. I tillegg er det ei reformstøtte, der vi opphavleg meinte at det skulle gå til kommunar som etter ei samanslåing får 10.000 innbyggjarar. Stortinget har meint at det talet er for høgt, og då kjem eg sjølvsagt til å justere det, seier Sanner til NTB.

Fredar fylkeskommunen

Arbeiderpartiets Tore Hagebakken takka umiddelbart for avklaringa og spurde om det ikkje var noko meir dei kunne bli samde om.

Han sit i finanskomiteen for Ap, men var i kommunalkomiteen i førre stortingsperiode.

På spørsmål Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum om Sanner også kunne garantere at fylkeskommunane ikkje skal leggjast ned, kom det eit raskt «ja» frå statsråden.

– Høgre og Framstegspartiet har heile tida meint at det klarar seg med to nivå. Men når fleirtalet vil ha tre nivå, så tek regjeringa omsyn til det, sa Sanner.

– Når du har ei mindretalsregjering må ho ta omsyn til fleirtalet i Stortinget, seier Sanner til NTB.

Sentraliseringsfrykt

Vedum seier at han er uroa for at heile kommunereforma vil bli den største sentraliseringsreforma gjennom tidene.

– Vi veit at innbyggjarane i små kommunar er meir nøgde med tenestene enn innbyggjarar i større kommunar. Sanner var i debatten heilt klar på at det er på grunn av overføringsordningane. Eg meiner det er klare ord for pengane frå statsråden, seier Vedum til NTB.

Resultatet er sentralisering av innbyggjartenester som skule, helse og omsorg, meiner han. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...