Heim Nyhende Samletema på Falturiltufestivalen

Samletema på Falturiltufestivalen

Under den sjuande Falturiltufestivalen blir temaet : Eg fann, eg fann. Noko som passar festivalforfattar Einar Økland godt.

Økland som sjølv ein aktiv samlar kan ein oppleva under opningsfestkonserten i Kulturhuset, søndag 3. november, blant anna saman med Frode Grytten og Mads Berven som vil framføra førestillinga Gabba Gabba Hey! Han er også gjest med populærorkesteret Finn- Erix, saman med grunnlovsaktuelle Are Kalvø og 75-årsjubilant og plateaktuelle Oddvar Torsheim, på Arena, fredag 8. november.

I tillegg vil festivalforfattaren bidra på det faglege seminaret ved Høgskulen Stord/Haugesund saman med Akin Düzakin, Åshild Kanstad Johnsen og Øystein Runde same dag, og tekstane hans vil vera utgangspunkt for årets musikalprosjekt for kunst- og musikkstudentar ved HSH.

Programmet for festivalen er variert. I Stord kyrkje blir det kulturkveld med festivalforfattaren og musikarar, blant anna saksofonisten Ole Jacob Hystad og pianisten Eivind Austad, Dette er i regi av Stord sokneråd. Alle tredjeklassingane i Stord kommune skal jobbe med tekst og bilde frå to av Økland sine biletbøker, Du er så rar og På frifot. Dette vil munna ut i utstillinga Eg fann, eg fann! i festivalveka.

I Galleri Giga har ein fått samla ei unik utstilling med illustrasjonar frå Økland sine tidlege barnebøker. Kari Bøge, Wenche Øyen, Oddvar Torsheim og Gerhard Stoltz er representerte.

Bok- og fotballfesten Ballturiltu har vore ein kjempesuksess dei siste åra, og også i år vil det bli fotballøkt og lesestund på Vikahaugane, denne gong med lokale fotballbokdebutantar. Nytt av året er bok- og hestefesten Stallturiltu. Her vil det bli hesteaktivitetar, og veterinær og hestebokforfattar Anne Viken vil underhalda.

Bursdagsfest blir det som tidlegare år, med kaker og saft, song og opplesing. Sjølvsagt for Ivar Aasen som ville fylt 200 år i år.

Sunnhordland museum inviterer til samledag med tittelen Eg fann, eg fann! Storsamlar og festivalforfattar Økland vil her lesa for skulelevar og snakka om si samlarinteresse. Elevane vil også få sjå utstillinga 100 år 100 ting, som er ei jubileumsutstilling i høve museet sitt 100 års jubileum i 2013. Her viser museet 100 ting frå heile museet si historie og fortel historia om dei. I tillegg vil undervisningsavdelinga finna fram eventyr og soger frå den norske kulturarva, som handlar om samlarar, som til dømes Espen Askeladden

Bok & beibi-arrangement for dei aller minste blir i år med Kari Stai, Bragepris- og Kritikarprisvinnar i 2012 med boka Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake. Alle barne- og ungdomsskulane i Stord kommune får forfattarbesøk, blant anna av Sunniva Relling Berg og Øyvind Torseter.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...