Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) gir kommunane ei eiga nettdatingteneste for å finne ut om og med kven dei bør slå seg saman.
Sanner vil ikkje sjølv kalle det nettdating, men brukar i staden uttrykket «den store nabopraten». Han skreiv tysdag til alle kommunane i landet og inviterte dei med på den omstridde kommunereforma.
– Vi meiner den verktøykassen vi gir kommunane vil gi dei sterkare eigarskap til prosessen, seier han til NTB.
Vitale mål
Nettløysinga og fleire andre verktøy skal etter planen vere tilgjengelege på kommunereform.no i slutten av september, opplyser departementet.
Kommunane skal få oversikt over vitale mål som folketalsutvikling, arbeidskraftbehov i ulike sektorar, nøkkeltal for økonomi og tenesteproduksjon og informasjon om pendling både i kommunen og regionen rundt. Løysinga baserer seg på tidlegare utgreiingar.
– Slik vil kommunane få ei oversikt over viktige forhold for seg og aktuelle samanslåingskandidatar, skriv Sanner til kommunane.
Målet med nettenesta er å unngå tradisjonelle utgreiingar med kostbar konsulentbruk og sette fart i prosessane rundt om i kommunane. Regjeringa vil ha reforma vedteken i 2017, med verknad frå 2022.
Innbyggjarundersøkingar
Departementet vil også gi kommunane ein rettleiar for prosessen, i tillegg til å utarbeide eit opplegg for ei innbyggjarundersøking.
Sanner meiner slike undersøkingar er eit betre alternativ enn folkeavstemmingar.
– Det vil gi kommunepolitikarane eit breiare grunnlag for den avgjerda dei skal ta, seier han, men legg til at det er opp til kommunane å bestemme korleis innbyggjarane skal høyrast.
– Gjennom ei innbyggjarundersøking får du ikkje berre eit ja eller nei til eit alternativ. Innbyggjarane kan kome med vurderingar av ulike samanslåingsalternativ eller av kva for velferdstilbod som er viktig å tenkje på når ein skal slå saman kommunane, seier han.
Folkets røyst
Sanner avkreftar likevel at det berre er eit representativt utval i ei undersøking som skal høyrast.
– Alle skal kunne få seie meininga si, seier han, og strekar under at det er viktig med «gode lokale prosessar».
Det er opp til kommunane å finne ut korleis dei vil høyre folkets røyst, som folkemøte, seier han. Kvar kommune får 100.000 kroner til å bruke på informasjon og høyringar.
Han viser til at omkring 200 kommunar alt er i gang med å greie ut kommunereforma, og hevdar han gjennomgåande møter ei «positiv, open og nysgjerrig haldning» på reisene sine rundt om i fylke og kommunar.
Strid om tvang
Sanner viser til at det er brei støtte i Stortinget for at det er behov for ei reform av kommunekartet, målet med prosessen og dei økonomiske verkemidla. Men det er blant anna strid om kommunar skal kunne tvingast til å slå seg saman.
Senterpartiets landsstyre langa likevel ut mot reforma då dei møttest på Gardermoen måndag.
– Alt skal bli større og helst flyttast inn til dei store byane. Alle som bur utanfor dei største byane, skal betale prisen, sa partileiar Trygve Slagsvold Vedum.
Partiet varslar at det vil oppheve alle vedtak om tvangssamanslåingar dersom det får tilbake regjeringsmakta.
Også Arbeidarpartiet seier nei til bruk av tvang.
Regjeringa har sikra seg støtte frå Kristeleg Folkeparti og Venstre for gjennomføring av reforma. (©NPK)