Heim Nyhende Satsar på nynorsk nettavis

Satsar på nynorsk nettavis

Prosjektet ”Ung til sinns- på Nett” er ei nettsatsing på nyheiter med fokus på kultur, ungdom og regionalt stoff. Målgruppa er ungdom og folk som er ”unge til sinns”.

Satsinga skal prioritere stoff relatert til kultur og ungdom. Initiativtakarane til satsinga har alle eit ynskje om å styrke nynorsktilbodet på Internett, og særleg tykkjer dei det er viktig å gje unge eit betre tilbod enn i dag.

Prosjektet er eit samarbeid og spleiselag mellom ABC-Startsiden, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Nasjonalt Garborgsenter, Magasinnett og Pirion. LNK og ABC-Startsiden hadde eit møte med Kultur- og kyrkjedepartementet (KKD) 14.mai og fekk positive signal på prosjektet. Det er tenkt at stoffet skal treffe ungdommen på deira premissar.

Nettavisa skal famne breidda av nyheiter innanfor temaet kultur og det som kan vere relevant for det å vere ung i Noreg. Eksemplar som er nemnt er kunst, underhaldning i ulike media, konsertar og festivalar. Nyheitene skal kome frå dei ulike regionane i Noreg.

Det blir meir om denne saka i LNK-avisa som kjem neste veke.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...