Heim Nyhende Satsar på nytt kulturbygg

Satsar på nytt kulturbygg

I Vindafjord kommune håpar ein eit samla kulturbygg vil gi innbyggjarane betre kulturtenester.

Kvar veke viser vi deg eit glimt

frå ein av kommunane som er med i LNK.

Denne veka: Vindafjord

Rogaland har eit areal på 9378 km2
Med sine 620 km2 er Vindafjord 
den 4.største kommunen i fylket.

Nytt frå Vindafjord:

Krev at kreditorane bidrar
Har fire rigger inne samtidig

Aktuelle lenker:
Vindafjord kommune
Grannar
Flickr
Facebook

 

 

– Det er veldig positivt at ein no kan samle kulturtenestene i eit hus. I dag er me spreidde rundt om i kommunen, no kan me derimot få meir ut av tenestene, og ikkje minst få til eit sterkare samarbeid med innbyggarane og dei frivillige kreftene, seier kulturleiar i Vindafjord kommune Eva Kalstveit.

Det er det 40 år gamle kulturhuset i Ølen som no skal byggast på. Her skal kulturskulen, vaksenopplæringa, biblioteket, kulturadministrasjonen i kommunen inn og ungdomsklubbleiar skal ha kontorplass her. Prislappen blir 23 millionar kroner.

– Det heile starta med at biblioteket vårt hadde behov for nye lokaler, då
passa det godt at me kunne få samla kulturtenestene i kulturhuset som i dag
er basert på frivillig drift og innsats. No skal kommunen samarbeide tettare med dei frivillige kreftene enn me har gjort før, seier Kalstveit.

Ramma på 23.millionar er sikra ved vedtak i formannskapet, og dermed er det gitt grønt lys for prosjektet. Går alt etter planen kjem det nye kulturbygget på plass i løpet av 2013. No blir det arbeidd med å tilpasse bygget til framtidas behov og arkitetktur.

– Dette er ein del av arbeidet med å bygge eit solid sentrum i kommunen i Ølen, kulturskulen skal sjølvsagt ha undervisning i alle bygdene, men det blir også viktig å ha ein felles arena. Og med våre små, kommunale rammer må me vere kreative når det kjem til samarbeid og sambruk av bygget, seier kulturleiaren.

Ho er ikkje i tvil om at satsinga på kultur er viktig.

– Kunst og kultur er sprengkraft, er til for alle og viktigare enn me trur. Og me er heldige, me har eit bibliotek der dei tilsette er både nytenkjande og kreative, og den populære kulturskulen vår har ventelister.
– Kva utfordringar vil de få framover?

– Eg trur det vil ta litt tid før me er så samkøyrte at me ser gevinstane av dette, men eg er viss på at resultatet blir bra. Me ser fram til å kome inn i dette nybygget.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...