Heim Nyhende Tajik blir truleg ny kulturminister

Tajik blir truleg ny kulturminister

Hadia Tajik (Ap) blir truleg ny kulturminister i dag. Dermed blir ho den yngste ministeren nokonsinne. 

– Ho er ung, og har markert seg veldig. Det blir spanande å fylgje henne, seier politisk redaktør Hanne Skartveit i VG til TV2 Nyhetskanalen.

Les Tajik sin kommentar på lnk.no: Kva har du gjort for nynorsken i det siste? 

Dersom Tajik tar over som kulturminister i dag etter Anniken Huitfeldt blir ho den yngste ministeren nokonsinne. 

Sissel Rønbeck var også berre 29 år då ho blei forbrukar- og administrasjonsminister hausten 1979, men var då nokre veker eldre enn Tajik, skriv Stavanger Aftenblad. 

– Ho er det eneste nye fjeset i regjeringa. Ho er ung og spanande, seier politisk redaktør Stein Kåre Kristiansen i TV2.

Hadia Tajik sit i dag på Stortinget for Oslo Ap, og har tidlegare arbeidd som mellom anna journalist og politisk rådgjevar. 

Dei andre endringane i regjeringa i dag blir truleg at Jonas Gahr Støre blir ny helseminister, Anne-Grete Strøm-Erichsen går frå helseminister over til å bli forsvarsminister. Arbeidsminister Hanne Bjurstrøm går ut av regjeringa og Anniken Huitfeldt blir ny arbeidsminister. Espen Barth Eide går frå forsvarsminister til utenriksminister.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...