Heim Nyhende Språkåret 2013 vil nå alle

Språkåret 2013 vil nå alle

Språkåret 2013, under leiing av Inger Johanne Sæterbakk, satsar friskt og vil nå ut til dei fleste av landets kommunar med eit eller fleire arrangement i løpet neste år, skriv Framtida.no.

SSSaman med med landsfemnande organisasjonar og institusjonar ynskjer Språkåret 2013 å få med alle landets kommunar på å markera bursdagen til Ivar Aasen 5. august. Planen er å gje ut eit språkmagasin til alle husstander, og basisarrangementa blir fordelt på heile landet og på ulike miljø. 

Sæterbakk seier til Framtida.no at dei har seks store basisarrangement under planlegging på ulike stader i landet gjennom heile året der breidda i resten av aktiviteten vil til ein viss grad vere avhengig av kor mykje pengar dei får. Ho understrekar likevel at dei går breitt og offensivt ut no for å få flest muleg med seg, og ho håpar at løyvingane på statsbudsjettet blir av same omfang. For interessa for Språkåret er stor.

Det er Nynorsk kultursentrum, som også driv Ivar Aasentunet, som har fått i oppgåve frå Kulturdepartementet å drive Språkåret 2013. Det er 200-årsjubileet for Ivar Aasen sin fødsel og 100-årsjubileet til Det norske teatret som er bakgrunnen for feiringa av Språkåret i 2013, seier Sæterbakk til Framtida.no.

Les heile intervjuet med Sæterbakk på Framtida.no

 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...