Heim Nyhende Skal gi råd om nynorsk i kommunereformen

Skal gi råd om nynorsk i kommunereformen

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) får i 2015 1,1 million kroner i tilskot for å gi råd til kommunane.

 

– Pengane skal brukast til å gje råd til kommunane om å ta vare på nynorsk språk i kommunereforma, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.

Ein samla kommunal- og forvaltningskomité på Stortinget var ved handsaminga av kommunereforma opptekne av at nynorsk ikkje må bli skadelidande som følgje av reforma. Komiteen vedtok å føra vidare støtta som LNK tidlegare har fått frå Kulturdepartementet, på Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett.

Denne veka kom tildelingsbrevet frå departementet med 1,1 million kroner i tilskot til LNK.

LNK skal gje råd til kommunane om korleis nynorsk kan styrkast i kommunar både med og utan nynorsk som målform.

Departementet har laga ei rettleiing med råd og tips til kommunane i reformprosessen. Der står det at det er viktig at kommunane kartlegg kva for følgjer ei samanslåing vil få for mellom anna det nynorske språket.

– Det er kommunane sjølve som avgjer kva målform som skal brukast i kommunen. Eg legg til grunn at kommunane vurderer dette spørsmålet og finn gode løysingar på språkutfordringane når dei gjennomfører dei lokale prosessane, seier statsråden.

LES OGSÅ: Frp sikrar tilskot til LNK

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...