Heim Nyhende Utviklingsprogram for å styrke vekstkrafta i byregionar

Utviklingsprogram for å styrke vekstkrafta i byregionar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet lyser ut 91,5 millionar kroner for tre år for å betre samspel mellom byar og omland.

 

– Målet er å styrke den regionale vekstkrafta og styrke samspelet mellom byar og omland, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Dette er den andre fasen i utviklingsprogrammet for byregionar. Alle byar med omland kan søke om deltaking.
– Byregionane i Noreg veks. Dei fleste regionar som er i rask utvikling har ein by i seg. Dersom vi skal sikre velferda i framtida, må vi både skape og trygge arbeidsplasser. Vi må bygge kunnskap, kompetanse og skape byregionar det er godt å bu i. Samspelet mellom byen og omlandet er viktig for å lukkast, seier Sanner.

Vi treng å vite meir om kva faktorar som må vere på plass for at samhandlinga mellom byen og omlandet fører til vekst, held Sanner fram.

– Eg er difor glad for å kunne lyse ut 91,5 millionar kroner til andre fase av utviklingsprogrammet for byregionar. Føremålet er nettopp å styrke samspelet mellom byane og omlandet, seier statsråden.

Alle byar med omlandskommunar kan søke om deltaking i andre fase av programmet. Søknadsfristen er 1. mai 2015. Programmet skal vare til 2017. Det blir berre ein søknadsrunde for alle tre åra.

Regjeringa vil føre ein aktiv politikk der byane og omlandet har eit samspel til beste for regionen og for landet som eit heile. Kva som kan gje vekst vil variere frå byregion til byregion. Gjennom programmet skal dei jobbe saman om å styrke eit samfunnsområde dei har valt. Det er viktig at kommunane prioriterer samfunnsområde som faktisk let seg påverke gjennom politiske avgjerder, understrekar statsråden.

Utviklingsprogrammet for byregionar skal auke kunnskapen om korleis byane og omlandet verkar saman, potensialet i regionen for næringsutvikling og kva som kan endrast gjennom politiske avgjerder. Første fase av programmet vart gjennomført i 2014. Til saman 33 byregionar med 187 kommunar tok del i denne fasen.

Ein region treng ikkje ha teke del i første fase for å søke om deltaking i andre fase, men regionen må ha gjennomført ein samfunnsanalyse som skal ligge til grunn for temaet eller samfunnsområdet regionen vil søke seg inn i programmet med. I tillegg til å drive eige samarbeid og utvikle strategiar og tiltak for temaet, skal byregionane møtast i nettverk og utveksle kunnskap om kva som påverkar samspelet mellom byene og omlandet. Dette skal munne ut i tiltak med positiv effekt.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...