Heim Nyhende Aukar talet på nynorske lettlesbøker

Aukar talet på nynorske lettlesbøker

Samlaget er klar med storsatsinga si på nynorske lettlesbøker.

 

Nye tal frå Norsk Barnebokinstitutt viser at det blei gjeve ut 53 nynorske barnebøker i 2014 – av 892 barnebøker totalt i 2014. Særleg låge tal har det vore for talet på lettlesbøker.

LES SAKA:– For få barnebøker på nynorsk

Men no skjer det noko. Talet skal aukast med 32 prosent.

– Fram til no har det ikkje eksistert ein heilskapleg lettlesserie på nynorsk, og få lettlesbøker på nynorsk i det heile tatt. No er dei første bøkene tolv bøkene i Leseland-serien lansert, seier Bente Lothe Orheim, som er forlagsredaktør for barnebøker ved Det norske Samlaget.

Desse første tolv bøkene gjer at talet på lettlesbøker på nynorsk, som er i sal, aukar med heile 32 prosent.

– Lese- og skrivedugleik er grunnleggande for å kunne delta i samfunnet og demokratiet, og det er ein demokratisk rett å ha tilgang til litteratur på eige mål, understrekar Orheim.

– Korleis har de gått fram når de har laga Leseland-bøkene?

– Dette er eit prosjekt vi har arbeidd med i lang tid. Me har gjort ei stor undersøking med formidlarar, leseforskarar, skule og bibliotek for å kunne utvikle best mogleg lettlesbøker.  I resultata frå undersøkinga kom det mellom anna fram at inndeling i nivå etter alder ikkje var ønskjeleg, sidan ein uavhengig av alder kan ha ulikt lesenivå. Difor er Leseland-bøkene nivåinndelt med utgangspunkt i leseferdigheiter. Av undersøkinga veit me til dømes også at det er ønskjeleg at bøkene bør vere med harde permar, ikkje hefta.  

LES OGSÅ: Digital storsatsing i Samlaget

– Når det gjeld sjølve bokproduksjonen, såg vi først til utlandet, til anerkjente forlag som har hatt stor suksess med sine lettlesbøker. Av bøkene som er ute no, er nokre omsette og nokre utvikla av norske forfattarar og illustratørar. Det er viktig at lesarane også kan møte ein gjenkjenneleg norsk kvardag i Leseland-bøkene.

– Kjem det fleire Leseland-bøker frå dykk i den nærmaste framtida?

– Dei komande åra vil det det kome mellom 10–15 nye Leseland-bøker i året. Målet er å skape ein bank av lettlesbøker på nynorsk. Slik at alle skal kunne finne si bok, på sitt ferdigheitsnivå og med eit tema som engasjerer.

– Korleis har responsen vore?

– Svært positiv! Det er mange som har venta på desse bøkene. Lettlesbøker ligg på utlånstoppen i bibliotek over heile landet, og formidlarane – særleg i dei nynorske kjerneområda har ønskt å ha fleire nynorske lettlesbøker å tilby.

Få nyhendebrev med siste boknytt her!

– Bøkene kjem parallelt i ein Leseland-app – har de høyrt noko om korleis ungane tar i mot appane?

– Leseland-appen fekk i fjor Gullboken for «Årets utgjeving», der det i grunngjevinga mellom anna blir sagt at «Barn som skal lære å lese på nynorsk har med dette fått sitt første heilskaplege tilbod.». Dette er ein bransjepris, så me er veldig spente på å få fleire tilbakemeldingar frå lesarane. Difor skal me ha to testklasser for både papirbøker og Leseland-appen i Førde, og få meir direkte respons frå lesarane.

LES OGSÅ:Han har skrive tidenes ungdomsroman

– Er det forskjell på korleis dei les bøker på ein skjerm og i papir?

– I Leseland-appen er det ulike lesemodi. Ein kan bli lest for av ei forteljarstemme, ein kan bla seg gjennom boka utan lyd, og me har også ein karaokefunksjon – «Les med meg» – der lesehastigheita er saktare, og kvart ord blir markert på skjermen når det blir sagt av forteljarstemma. Så ein kan lese bok i app på same måte som ein les papirboka, men ein har også fleire høve til å velje.

LES SISTE BOKNYTT HER!

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...