Kommunane kan ved utgangen av 2014 ende opp med 2 milliardar kroner mindre i skatteinntekter enn det regjeringa har varsla.
Frå januar til mai blei det betalt inn 421,5 milliardar kroner i skatt, ein nedgang på 12,6 milliardar sett opp imot same periode i fjor, viser tal frå Statistisk sentralbyrå som Nationen gir att torsdag.
Dersom nedgangen fortset, endar kommunane opp med 2 milliardar mindre enn det som var varsla i kommuneproposisjonen til regjeringa, seier direktør for interessepolitikk i KS, Helge Eide, til avisa. (©NPK)