Kvifor bør fleire unge bruka stemmeretten? Framtida.no, Magasinett og Nasjonalt Garborgsenter inviterer ungdom under 22 år til skrivekonkurranse for å markera stortingsvalet og at det er 100 år sidan kvinner fekk stemmerett i Noreg.
Berre kring halvparten av veljarane under 22 år har nytta stemmeretten sin ved dei siste stortingsvala.
– Me søkjer ungdommen sine eigne argument for at fleire unge bør nytta stemmeretten sin, seier prosjektleiar Svein Olav Langåker.
Førsteplassen blir premiert med 5000 kroner, 2. plass med 3000 kroner og 3. plass med 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.
Representantar frå Framtida.no, Magasinett og Nasjonalt Garborgsenter vil sitja i juryen.